I dag var det ein skjebnedag for det planlagde Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Bygginga vert 56 millionar kroner dyrare enn planlagt og selskapet treng meir pengar for å fullføre prosjektet.
No går styret i Herøy Næringsforum inn for å løyve 30 millionar kroner ekstra. Pengane vil dei hente frå midlar som kommunen får frå staten som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift.
Saka skal handsamast vidare i kultur- og næringskomiteen. Etter planen skal Sunnmørsbadet stå ferdig i midten av februar.
LES OGSÅ: