NRK Meny
Normal

Kjøpte båt for konfirmasjonspengane

Karl Petter Sortehaug (52) frå Langevåg har alltid vore tiltrekt av sjøen og vatnet. Som konfirmant brukte han pengane til å kjøpe seg båt, slik at han kunne ta turen over til Ålesund for å sjå på damene, som han seier. I dag er han dagleg leiar for Sunnmørsbadet i Herøy som har rekordhøge besøkstal i opningsvekene.

5000 gjester dei første 10 dagane i Sunnmørsbadet.

"Bade-Kalle" har vore døgnet rundt på Sunnmørsbadet den siste tida og er godt fornøgd med besøkstala. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Det er ikkje mange, om nokon i det heile tatt, som brukar Karl Petter som namn på 52-åringen. "Bade-Kalle" er det namnet han svarar på når nokon snakkar til han. Då han kom til Fosnavåg i 2006 var det som dagleg leiar for Herøybadet. No nesten 10 år seinare er han sjef for Sunnmørsbadet, som har hatt ein kontroversiell byggeperiode med overskridingar, men som no er tatt i bruk for fullt.

Frå opningsdagen 16.mars og fram til i dag har det vore rundt 15 000 besøkande. Berre den første helga var 2000 badegjester innom. Dette er langt over forventningane. No i påska var det 1000 gjester innom kvar dag.

85 000 gjester

I løpet av dette året reknar "Bade-Kalle" med rundt 85 000 gjester og på det første heile driftsåret 100 000 besøkande.

Bade-Kalle trivst i vatnet

Han trivst godt i vatnet, Karl Petter Sortehaug.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sunnmørsbadet har fem faste stillingar, men rundt tjue tilsette til saman. Sjølv er Kalle mest som ei potet. Han vert brukt til alt frå å billettere til å halde symjeopplæringskurs. Det siste har han gjort med stort hell i mange år. Rundt 1500 personar, frå 4 år og eldre, har han gitt slike kurs.

Sjølv er han oppvaksen med sjøen og det våte elementet. Han starta saman med to døtrer, som no er vaksne. Dei var med i Ålesund svømmeklubb, og der var Kalle aktiv. Mellom anna var han leiar for klubben i tre år, og sat i styret i symjekrinsen.

I sitt tidlegare yrkesliv har han drive med finans og forsikring og med så kalla Livsmeistringskurs.

Men no har han meir enn nok å styre med for å halde Sunnmørsbadet i gang. Han vedgår at det har vore mange og lange dagar i det siste. Kanskje får han tid til å slappe av innimellom i påska. Ein ting er sikkert. Sunnmørsbadet har alltid ope. Den einaste dagen dei stenger dørene er 17.mai, fortel den aldri kvilande daglege leiaren for det nye flotte badeanlegget i Herøy.

Sunnmørsbadet

Sunnmørsbadet.

Foto: Arne Flatin / NRK

.