Hopp til innhold

Sunnmørsbadet: Budsjettsprekk på 56 millionar

Det er framleis langt fram til nokon kan ta dei første svømmetaka i Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Men alt no er det klart at bygginga blir 56 millionar kroner dyrare enn planlagt.

Sunnmørsbadet i Fosnavåg

Det står att framleis millionar i bygging før det kjem vatn i badeanlegget i Fosnavåg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Synfaring Sunnmørsbadet

Lokalpolitikarane i Herøy utanfor det som skal bli eit nytt badeanlegg i Fosnavåg.

Foto: Arne Flatin / NRK
Kommunestyret på synfaring i Sunnmørsbadet

Kommunepolitikarane fekk sjå kor langt bygginga har kome.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det har lenge vore klart at badeanlegget kom til å bli dyrt. Uroa toppa seg då den tidlegare styreleiaren, ordførar Arnulf Goksøyr, trekte seg frå vervet.

I dag fekk kommunepolitikarane i Herøy ta bygginga i augesyn, etter at den nye styreleiaren i dag gjorde det klart at prislappen blir langt større enn dei kunne ønske. Styreleiar Bjørn Martin Aasen kunne gjerne tenkt seg at rekneskapen såg annleis ut.

Styreleiar Bjørn Martin Aasen i Sunnmørsbadet

Bjørn Martin Aasen tok over vervet som styreleiar då Arnulf Goksøyr trekte seg.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det gir grunn til uro når analysane våre viser ein høgare total kostnad for heile prosjektet enn det som har vore føresetnaden, seier Aasen til NRK.

Vil be aksjonærane om meir pengar

Den nye prislappen er no på 236 millionar kroner pluss moms. Måndag er det generalforsamling i selskapet Sunnmørsbadet, og då kjem styreleiaren til å be om meir pengar frå aksjonærane. Men han har framleis tru at anlegget blir ferdig som planlagt.

– Anlegget skal etter planen stå ferdig i midten av februar neste år. Slik det ser ut no er det god progresjon i bygginga. Så alle ting tyder på at vi skal vere ferdige til den datoen. Men det er jo lenge til februar enno, seier Aasen.

Tidlegare styreleiar håper på betre resultat

Under synfaringa i dag var tidlegare styreleiar Arnulf Goksøyr sentral i omvisinga. Han har ikkje fått gått igjennom tala som blei presenterte, men håper

– No har eg berre sett dette som ei pressemelding i dag, men eg veit at det ligg nokre reservar i desse tala, så eg håper dei slepp å bruke alt, seier Goksøyr til NRK.

  • Sjå tv-reportasjen frå Sunnmørsbadet her:
    Ferske tal viser at Sunnmørsbadet i Fosnavåg får ein kostnadssprekk på 56 millionar kroner.I dag var kommunepolitkarane på synfaring

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL