Hopp til innhold

– Beklageleg at Almestad trekkjer seg frå styret

Det meiner Stig Remøy i Olympic Shipping etter at Anders Almestad trekkjer seg frå styret i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS.

Anders Almestad

TREKKJER SEG: Anders Almestad trekte seg i går frå si stilling i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS.

Foto: per eide

Det opplyser Olympic Shipping i ei pressemelding søndag. Det var i går at Anders Almestad varsla at han trekkjer seg som nestleiar Sunnmørsbadet Fosnavåg AS, og det berre etter nokre få veker i styret.

For litt over to veker sidan trakk også Arnulf Goksøyr seg som styreleiar i Sunnmørsbadet AS, og Bjørn Martin Aasen tok over som styreleiar etter han. I tillegg blei Anders Almestad utnemnd som ny nestleiar i selskapet. Men i går trekte også han seg frå stillinga si.

Kostbart prosjekt

Sunnmørsbadet AS har hatt store problem med å halde seg til kostnadsrammene som var sett.

Badelandet var budsjettert til å koste 180 millionar kroner pluss moms, men har ifølgje Vestlandsnytt overskride dette med nesten 40 millionar kroner allereie. Dei skriv at den skriv at den sist kjende prisen på anlegget skal vere 269 millionar kroner, inklusive mva.

Stig Remøy, administrerande direktør i Olympic Shipping rosar Almestad og meiner han har gjort ein god og ryddig jobb i samband med å få orden på økonomien i selskapet.

– No er det viktig at styret får mest mogleg arbeidsro slik at dei får full oversikt over situasjonen, seier Remøy.

Vidare seier Remøy at Olympic har full tillit til at styret under leiing av Bjørn Martin Aasen, skal gjere det som må til for å få innhente kontrollen på økonomien i prosjektet. No vil selskapet sjå framover.

– Olympic føreset at på den ekstraordinære generalforsamlinga vert valt inn styremedlemmar som har tilstrekkeleg røynsle frå tilsvarande store og omfattande prosjekt, seier Remøy.