Hopp til innhold

Endeleg fekk borna boltre seg i rådyre Sunnmørsbadet

Det mykje omdiskuterte Sunnmørsbadet i Herøy er endeleg opna for badeglade herøyværingar.

Det mykje omdiskuterte Sunnmørsbadet i Herøy er endeleg opna for badeglade herøyingar.

Eit topp moderne bade-anlegg kan takast i bruk, og alt må prøvast.

Skulebarna var dei første som fekk boltre seg i det nye og kostbare badeanlegget i Fosnavåg. Trass i dei økonomiske overskridingane for Sunnmørsbadet meiner mange at det no er tid for å gle seg over at det flotte badeanlegget kan takast i bruk etter meir enn to år med bygging.

– Kjempesuksess

Karl Petter Sortehaug - Bade-Kalle

Karl Petter Sortehaug, og kanskje mest kjend som «Bade-Kalle», er svært stolt over det nye badet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I tur og orden får alle dei omlag eitt tusen elevane i grunnskulen i Herøy leike seg i bassenga. Dagleg leiar for badet, med det passande namnet «Bade-Kalle», er kjempestolt.

– Det er en kjempesukssess, seier han og håper at dei kjem til å få rundt 100 000 besøkande kvart år.

Hittil ser det ut som om dei besøkande trivst, og er nøgde med det nye badet.

Kostbart badeanlegg

Men det vart dyrt. Omlag 63 millionar kroner meir enn dei 180 millionane som dei først meldte. Det må stor dugnad til for å tette det store spriket.

– Vi har no søkt om auka tippemidlar, seier Bjørn Martin Aasen, styreleiar i Sunnmørsbadet.

Han fortel at dei og kjem til å søke om ytterlegare midlar frå staten, og også spørje næringslivet i området om hjelp.

Sunnmørsbadet i Herøy
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK