NRK Meny
Normal

- Dette er å sparke dei som alt ligg nede

Sjukehusstriden i Møre og Romsdal blussar opp att. Før jul blei det klart at bygging av nytt sjukehus i Molde er sett på vent. Dette førte til store protestar. No går Helse Midt-Noreg inn for å legge ned AMK-sentralen i Molde. Dette blir karakterisert som å sparke dei som alt ligg nede.

Molde sjukehus

AMK-sentralen ved Molde sjukehus er foreslått lagt ned. Dette vekkjer sterke reaksjonar i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Administrasjonen i Helse Midt-Noreg foreslår å legge ned AMK-sentralen i Molde. Det inneber samtidig ei styrking av sentralen i Ålesund. Også AMK-sentralen i Namsos blir lagt ned.

Henrik Sandbu

Henrik Sandbu er fagdirektør i Helse Midt-Noreg.

Foto: NRK

– Vi har sett at det er ein fordel og ei styrking av den faglege kvaliteten å knytte AMK-sentralane til dei største akutt-medisinske miljøa i regionen. Desse miljøa finn vi ved Ålesund sjukehus og ved St.Olavs hospital i Trondheim, seier fagdirektør i Helse Midt-Noreg, Henrik Sandbu.

Vil ha berre ein AMK-sentral

Frå i sommar blir Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre slått saman til eitt helseforetak. Dette har vore eitt av forholda som ligg bak innstillinga om å legge ned AMK-sentralen i Molde.

– Vi ønskjer ei kvalitativ heving på støttefunksjonane omkring AMK-funksjonen. I tillegg veit vi at foretaka i Møre og Romsdal blir slått saman til eitt foretak. Og vi ser det ikkje som naturleg at der er to AMK-sentralar i same helseforetak, seier Sandbu.

– Sparkar folk som ligg nede

Forslaget om å legge ned AMK-sentralen møter skarp motstand i Molde. Der dreg dei no linene tilbake til tida før jul, då dei fekk beskjed om at bygginga av nytt sjukehus i Molde er sett på vent.

Knut Ivar Egset

Knut Ivar Egset er tillitsvald ved sjukehuset i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dette er kjempealvorleg. AMK-sentralen er hjarta i sjukehuset. Å misse dette får følgjer på sikt, seier tillitsvald Knut Ivar Egset.

– Er du overraska over forslaget?

– Nei, eg trudde ikkje dette kom til å skje. Tilsette ved sjukehuset i Molde ligg langt nede etter beskjedenhelseministeren gav oss i desember. Vi brukar no store ressursar på å motivere dei tilsette. Det forundrar meg at Helse Midt-Noreg no vil sparke nokon som allereie ligg nede, seier Egset.

– Vi misser noko heile tida

Også sjukepleiarforbundet i Molde reagerer på forslaget frå Helse Midt-Noreg. Dei meiner at helseregionen handlar planlaust.

– Dei gjer dette utan å ha ein heilskapleg plan. Dei vil fjerne noko utan samtidig å tilføre noko anna. Vi sit heile tida med eit inntrykk av at vi berre misser noko, seier tillitsvald i sjukepleiarforbundet, Tor Rune Aarø.

No skal forslaget behandlast i styret i Helse Midt-Noreg. Det er ikkje sikkert at forslaget blir vedteke.

– Det blir heilt sikkert ein heftig diskusjon i styret. Dette er eit omstridd emne også i styret i Helse Midt-Noreg, seier Tor Rune Aarø.