Hopp til innhold

Nytt sjukehus i Molde inga tapt sak

- Det er framleis håp for nytt sjukehus i Molde, seier styreleiar Kolbjørn Almlid i Helse Midt-Noreg.

Video Helse Midt møter ordførarar

VIDEO: Kolbjørn Almlid og Helse Midt-Noreg møtte ordførarar og rådmenn på Nordmøre og i Romsdal måndag.

Leiinga i Helse Midt-Noreg kom i dag til Nordmøre og Romsdal for å klargjere kva dei trur skal skje framover. Måndag møtte dei ordførarar og rådmenn i området, og då gjorde dei det klart at Nye Molde sjukehus slett ikkje er ei tapt sak.

- Nei, vi har det på prioriteringslista vår, og vi har eit ståande vedtak på det, så får vi sjå kva som skjer, seier styreleiar Kolbjørn Almlid.

- Komplisert situasjon

Almlid anar ikkje kva signal dei får frå Helse- og omsorgsdepartementet i framtida.

- Vi har saka inne i samband med den planlegginga som føregår, og eg er sikker på at vi kjem til å få gode svar på det spørsmålet etter kvart.

Samstundes innrømmer styreleiaren i helseregionen at situasjonen er komplisert, også for dei som sit på toppen og skal finne løysingar og skape ro. Nettopp fordi Helseminsteren har stoppa byggeplanane av Nye Molde sjukehus, og samtidig ikkje sagt noko meir om det vert eitt eller to sjukehus i Nordmøre og Romsdal i framtida.

- Det er ingen god situasjon. Alle er opptekne av at det skal vi ha så lite som mogleg, difor går vi inn i dialogar med både kommunen og våre overordna i departementet.

- Må få alle på eitt lag

Den 25.januar fekk dei eit nytt oppdrag frå regjeringa om å samle Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal til eitt rike på rekortid. Til styremøtet 3.mars skal dei ha klart eit nytt styre og kvar den nye hovudadministrasjonen skal ligge. 1.juli skal Helse Møre og Romsdal være oppe og gå.

- Den mest omfattande oppgåva er å få heile organisasjonen med på eitt lag og gjere at vi får eit godt helsetilbod over heile fylket, seier administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Gunnar Bovim.

Fekk ikkje svar

I Kristiansund venta ordførarar og rådmenn frå Nordmøre også på ei avklaring. Same sak, men frå ein annan ståstad.

- Vi ønskjer ei snarleg avklaring på om det blir eitt sjukehus i området, sa ordføraren i Smøla, Iver Nordseth (V).

- Beskjeden frå oss er klar, nemlig at det bør vere ei leiinga ved kvart sjukehus, seier ordføraren i Tingvoll, Ole Morten Søvik (H).

Og leiinga og styreleiar i Helse Midt-Noreg kom med sitt bodskap, men kanskje utan av nordmøringane fekk svar på det dei lurte på.

Spørsmålet om eitt eller to sjukehus i Nordmøre og Romsdal overlot dei til helseministeren å svare på, og det andre spørsmålet - om kvart sjukehus skulle ha sin lokale leiing, kom det heller inga avklaring på.

- Det ville vere heilt feil av oss å svare på dette i dag, sa styreleiar Kolbjørn Almlid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL