Målet er at deltakarane skal hjelpe kvarandre til å leve betre, seier leiar av lærings- og meistringssenteret i Helse Nordmøre og Romsdal, Kari Strøm.
Problem når folk kjem heim
Mange trur at den vanskelegaste tida for sjuke er når dei ligg på sjukehus. Men det er ofte når folk kjem heim, og kvardagen byrjar att at problema blir store. Somme blir sjukmelde lenge eller kjem aldri ut i jobb att, og kurset skal fokusere på korleis ein skal takle det, fortel Strøm.
Liknande kurs har blitt helde i Kristiansund og har vore svært nyttig for deltakarane.
Kurset skal haldast av tidlegare kursdeltakarar, og med det av folk som har vore sjuke og veit kva problem kvardagen kan by på. Og kursdeltakarnane kjem frå ulike diagnose-grupper.