13. mars fekk Marianne Oma brev frå Bo- og habiliteringstenester i Molde kommune om at det var besøksforbod i kommunale bufellesskap. Dette var ifølgje kommunen for å verne utsette grupper på grunn av koronasituasjonen.
Oma har ei 32 år gammal multifunksjonshemma dotter. Sidan dottera bur i eit privat sameige der ho får tenester frå kommunen i heimen, og ikkje i eit kommunalt bufellesskap, la Oma brevet frå kommunen vekk.
Etter to dagar blei ho kontakta av ein av dei andre pårørande i sameiget. Ho fortalde at ho hadde vorte stoppa då ho prøvde å besøke det private sameiget.
Marianne Oma
Foto: Privat– Ho ringde til meg og var litt sjokkert over det, seier Oma.
Ifølgje Helsedirektoratets råd datert 15. mars skal besøksstans i ein omsorgsbustad som er å rekne som ein privat heim for bebuaren, skje basert på dialog med bebuar, pårørande og eventuelt verje.
Reagerte med vantru over brev
Oma kontakta kommunen og fekk medhald i at dei ikkje kan pålegge besøksforbod, men dei viste til råd frå Folkehelseinstituttet og ønskte likevel at pårørande lèt vere å komme.
Oma blei beden om å skrive under på at ho stadfestar, har lese og forstått informasjonen og at dottera er i ei risikogruppe, og at det i verste fall kan bety at dottera kan døy dersom ho blir smitta av koronavirus.
– Eg las brevet med sjokk og vantru, seier Oma.
Ho opplever hendinga som ein rein maktdemonstrasjon etter at ho presiserte at dottera hennar bur i eit privat sameige og ikkje i ein kommunal bustad.
– Eg opplevde det som om at det er eg som skal bli spikra på veggen viss ho kjem til å døy av koronasmitte. Då var det eg som hadde signert på at vi trassa besøksforboda deira og gjekk på besøk.
– Ikkje i risikogruppe
Mora definerer ikkje dottera inn i ei risikogruppe. Ho seier at dottera er i ei sårbar gruppe fordi ho ikkje har språk og ikkje kan uttrykke korleis ho har det, men ifølgje mora har ho eit vanleg og normalt immunforsvar og har ikkje underliggande sjukdommar.
– Er det ikkje bra at kommunen åtvarar om besøk i denne spesielle tida då?
– Jau då. Det er veldig bra. For alle ønsker å ta omsyn og redusere smitte. Men når ein får tenester som i denne bustaden her så kan det vere 30 personar innom leilegheita i løpet av ein månad. Men det er eg, som er den einaste stabile i livet hennar som skal bli halden ansvarleg viss ho då eventuelt skulle døy av korona? spør Oma.
Ho meiner at å sende eit slikt brev og be om underskrift er langt over streken.
– Totalt uakseptabelt
Saka har fått forbundsleiar Jens Petter Gitlesen i Norsk forbund for utviklingshemmede til å reagere.
Han skreiv difor om saka på sidene til forbundet.
Han har aldri høyrt om eit tilfelle kor nokon har fått beskjed om å signere eit slikt skriv før.
Jens Petter Gitlesen i Norsk forbund for utviklingshemmede
Foto: PRIVAT– Det er etisk totalt uakseptabelt å forsøke å gi mor ansvaret for dotteras eventuelle framtidige død, seier Gitlesen.
Han har høyrt fleire døme på kommunar som innfører besøksforbod eller portforbod i bufellesskap for utviklingshemma.
– Det verker som om det gjeld dei fleste norske kommunar.
Kommunen beklagar
Kommunalsjef for helse og omsorg i Molde kommune, Tanja Thalén, skriv i ein e-post til NRK at kommunen legg seg langflate.
– Når vi innførte besøksforbod blei det også sendt ut informasjon om smittefare etter råd frå Folkehelseinstituttet der næraste pårørande blei bedne om å lese og signere. Det første skrivet som blei sendt ut, blei det reaksjonar på og, det blei difor formulert om og vi beklaga, skriv ho.
Ho skriv vidare at når dei etterpå blei gjort merksame på at kommunen ikkje kan ha besøksforbod i bufellesskap og omsorgsbustader, la dei seg heilt flate og beklaga at dei hadde gjort ein feil. Skrivet om smittefare vart då trekt tilbake, og dei har oppdatert informasjonen på nettsida si.
– I dag (tysdag) fekk vi kjennskap til at pårørande opplever at ho ikkje har fått beklaging frå kommunen, og det er vi lei oss for. Eg har i dag snakka med henne og beklaga det som har skjedd. Vi legg oss heilt flate, seier ho.
Samtidig presiserer Thalén at dette er ein særs spesiell situasjon, og at dei arbeidar utifrå beste hensikt der målet er å avgrense faren for smitte både for brukarar og tilsette.