Hopp til innhold

– Skuffande at ikkje politikarane flaggar kva dei meiner

Leiar i organisasjonen Sau og Geit i Møre og Romsdal, Odd Bjarne Bjørdal, er skuffa over at politikarane ikkje engasjerte seg etter at han utlovde dusør på felling av freda rovdyr.

Odd Bjarne Bjørdal

Leiar i Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, gjekk bevisst ut for å provosere då han lova skotpremie på rovdyr. No vil han vite kva politikarane faktisk meiner om saka.

Foto: Knut Hustad

– Responsen frå politikarane har uteblitt. Det er skuffande at ikkje politikarane kan flagge kva dei meiner, seier Bjørdal.

Interesseorganisasjonen Sau og Geit gjekk ut tidlegare i sommar og lova 10.000 kroner i skotpremie til den som felte første rovdyret uansett om dyret var freda eller ikkje.

Saka skapte mykje blest, og Bjørdal fortel både om mykje positiv og negativ respons.

– Spesielt næringa og bygdefolka har vore positive, fortel han.

Bjørdal seier dei gjorde det bevisst for å provosere. Men den forventa reaksjonen frå politikarane uteblei. No håper han både lokalpolitikarar og spesielt rikspolitikarane vil seie sitt i saka.

– Eg meiner dei bør kome på bana og fortelje kva dei meiner om korleis rovdyr skal handterast. Då meiner eg utanfor dei såkalla sonene som skal vere fri for rovdyr og beitepriorterte, seier Bjørdal.

– Skal vi la det utarte seg slik som det er i dag at med at dyr må gjere stor skade før det fellingsløyve eller skal det verte enklare forvaltning slik at vi kan ta skadedyra før eventuell skade?, spør han retorisk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL