Hopp til innhold

Vil ha heile styret fjerna

Sjukehustilsette i Kristiansund vil ha fjerna heile styret i Helse Nordmøre og Romsdal.

Video Vil ha heile styret fjerna

Mangel på tillit gjer at sjukehustilsette i Kristiansund meiner heile styret i Helse Nordmøre og Romsdal må fjernast, ikkje berre styreleiar Helge Aarseth som gjekk i går. Dei trur ikkje på fred før fylket er samla i eit føretak.

– Styret har ikkje vår tillit. Dei kan ikkje halde fram etter vår meining, seier Ralph Herter som er tillitsvald ved sjukehuset i Kristiansund.

Les også:

– Fleire bør ta sin hatt og gå

Torsdag er det styremøte i Helse Midt-Norge. Helge Aarseth har allereie gått frå bordet. Det bør fleire gjere, er beskjeden fra Krsitiansund.

På styremøte i mars i fjor, gjekk fleirtalet i Helse Nordmøre og Romsdal inn for å flytte akutt- og fødetilbodet fra Kristiansund til Molde.

Vedtaket blei seinare stoppa av Helse Midt-Norge, men forholdet mellom tilsette i Kristiansund og styret, har vore iskaldt etter møtet.

– Dei hadde ikkje konsekvensutredningar og risikoanalyse på plass, men gjekk likevel innfor dette vedtaket.

Ralph Herter

Ralph Herter talar saka for dei tilsette ved sjukehuset i Kristiansund. Dei har ikkje tillit til styret.

Foto: Eirik Haukenes

Vil ha endra struktur

Med Helge Aarseth ute av styreleiarstolen, er det nestleiar John Harry Kvalshaug som som er styrets øvste representant. Han ønskjer ikkje å kommentere kritikken av styret, men seier han vil innfinne seg med det Helse Midt-Norge vedtek på torsdag. Dei krassaste kritikerane håpar at ikkje berre styret vert bytta ut, men at heile strukturen vert endra.

– Helse Nordmøre og Romsdal har ikkje fungert. Det har vi opplevd i ti år. Vi treng ein grunnleggjande og djuptgåande endring av organisasjonsstrukturen. Helseministeren har skjønt det, og har bede om at desse to føretaka, Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal, vert slått saman. Det er det som er vegen å gå for å innta eit regionalt perspektiv i framtida, meiner Herter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL