– Dersom alt går på skinner så vil selskapet vere i stand til å realisere eit slikt prosjekt i løpet av 4-5 år, seier administrerande direktør i Tafjord Kraft, Sverre Devold. Dermed kan kraftverket kan stå ferdig i 2010.
Ormen-gass
Kraftverket er tenkt basert på gass frå Ormen Lange. Dei tre selskapa meiner det store og aukande kraftunderskotet i Møre og Romsdal tvingar fram eit industrikraftverk.
Stort kraftunderskot
Kraftunderskotet i fylket er på 4 TWh (4 milliardar kilowattimar) i 2005 og vil auke til 6 TWh i 2010. Importen av denne krafta gir eit overføringstap som kostar kvar husstand i fylket 800 kroner i året medan næringslivet i fylket taper 260 millionar kroner i året. Det utgjer ei klar konkurranseulempe, skriv selskapa bak Industrikraft Møre i ei pressemelding. Dei ser for seg at eit industrikraftverk basert på lokal gass frå Ormen Lange vil vere med på å løyse kraftproblemet.
Med Ormen Lange-gassen rett rundt hjørnet er Fræna den perfekte plasseringa for gasskraftverket, meiner trioen. Dei meiner eit industrikraftverk knytt til Hustadmarmor i Fræna vil ha både miljømessige og økonomiske fordelar.
– Miljøgevinst
Ein slik kraftproduksjon vil ha klare miljøgevinstar i forhold til eit tradisjonelt gasskraftverk utan CO2-handtering, meiner dei. Mellom anna meiner dei at CO2-utsleppa vil bli omlag 20 prosent lågare med lokal produksjon enn ved import.
Hustadmarmor, Tafjord krsft og Istad står bak satsinga. (Montasje, NRK)
Hustadmarmor vil også prøve å gå nye vegar i produksjonen som gjer at store delar av den forureinande CO2-gassen og spillvarme frå gasskraftverket kan utnyttast i produksjonen hos Hustadmarmor.
Konsesjonssøknad i haust
Industrikraft Møre har som mål å sende inn førerhandsmelding og konsesjonssøknad for eit anlegg som vil produsere 3,5 TWh per år i løpet av hausten. Det tilsvarer 3 prosent av den samla elektrisitetsproduksjonen i Noreg.
Gassforbruket vil også vere omlag 3 prosent av den gassmengda som er planlagt eksportert frå Ormen Lange til utlandet gjennom gassrøyrleidningen Langeled.