Hopp til innhold

Vil at norske verft skal byggje ferjer

Gamle ferjer trafikkerer samband langs heile norskekysten. Fylkespolitikarar i Møre og Romsdal meiner at staten bør bestille nye ferjer og gi jobben til norske verft.

Ferja Ullensvang midtfords

Mange har vore kritisk til at ferja Ullensvang vart sett inn i sambandet Hareid-Sulesund. Ferja er nesten 30 år gamal.

Foto: Svein Smørdal

Randi Frisvoll

Randi Frisvoll (KrF) meiner staten bør bestille nye ferjer og tilpasse anbodskrava slik at norske verft får jobben.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er nedgangstider for verftsnæringa og for mange er det langt mellom nye kontraktar. Den ledige kapasiteten ved verfta bør brukast til å oppgradere ferjeparken, meiner fylkespolitikar Randi Frisvoll (Krf)

Berre i Møre og Romsdal er halvparten av ferjene over 30 år gamle og dei reisande opplever ofte at ferjene står på grunn av havari. Frisvoll meiner staten bør bestille nye ferjer og tilpasse anbodskrava til norske skipsverft.

– Vi går inn ein lavkonjunkturfase ved verfta og det er eit godt høve til å bruke den ledige kapasiteten der, seier Frisvoll. Ho meiner at det bør kome 10 nye ferjer i Møre og Romsdal.

LES OGSÅ:

Strenge miljøkrav

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne (Sp) meiner dette er ei god til å bygge nye ferjer på, med tanke på nedgangstidene ved norske skipsverft.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også leiar i samferdsleutvalet, Oddbjørn Vatne (Sp), meiner staten må kome på banen og bestille fleire nye ferjer som oppfyller strengare miljøkrav.

– Dette er eit godt tidspunkt å gjere det på, og dersom styresmaktene set sterke miljøkrav trur eg norske skipsverft får kontraktane, seier Vatne.

Tyrkia vinn

Rolf Fiskerstrand

Rolf Fiskerstrand er direktør ved Fiskerstrand verft.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I fleire tiår har Fiskarstrand skipsverft på Sunnmøre bygt ferjer. I dag ligg fire norske ferjer til kai for reparasjon. Ei femte ferje skal byggast om til hybridferje og få batteripakke i tillegg til gassmotorar. Verftet er klar til å byggje fleire ferjer dersom ferjeflåten skal oppgraderast, men ser at stadig oftare er det tyrkiske verft som vinn anboda.

– Den seinare tida har det blitt stort fokus på lågast mogleg pris, og med det kostnadsnivået vi har i Noreg er det vanskeleg, seier Rolf Fiskerstrand. Han er direktør for Fiskerstrand verft.

Etter det han kjenner til har det dei siste par-tre månadane blitt inngått kontraktar på seks norske ferjer i Tyrkia. Tyrkiske verft kan byggje 20–30 prosent billegare enn sine norske konkurrentar. Fiskerstrand trur at ved å stille sterkare miljøkrav, kan Noreg ha eit konkurransefortrinn.

– Det kan vere ein måte å snu ferjebyggjng tilbake til Noreg, seier Fiskerstrand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL