Hopp til innhold

Vi et og drikk for 23 milliardar i julemånaden

Lommebøkene er vidopne i matbutikkane før jul. Ingen annan månad i året set vi til livs så mykje mat og drikke.

Jorunn Totland og Jostein Telvik vert ekspedert hos Hole kjøt i Ålesund

HORRIBELT: Jorunn Totland og mannen Jostein Telvik vert ekspedert hos kjøthandlaren Hole kjøt i Ålesund. Totland meiner at forbruket til nordmenn på mat og drikke i desember månad er horribel. – Det er altfor mykje, halvparten av maten blir hive likevel, seier ho.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Det vrimlar av folk inne i dei smale lokala hos kjøthandlaren Hole kjøt i Ålesund. Julerushet har for alvor sett i gang og fleire er på plass for å sikre seg ribbe og pinnekjøt av den beste kvalitet.

Oddbjørn Hole

KJØTHANDLAR: Oddbjørn Hole er dagleg leiar i kjøtforretninga Hole kjøt i Ålesund.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Kjøthandlaren er ikkje overraska over kor mykje folk brukar på mat og drikke i julemånaden. Dagleg leiar i Hole kjøt, Oddbjørn Hole, fortel at forretninga seksdoblar omsetninga i desember.

– Stort sett kjøper folk det det kostar uansett kva prisen er. For det handlar ikkje om prisen, det er kvaliteten det kjem an på, seier Hole.

– Sjokkerande

Vi unner oss ofte litt ekstra i jula. Ifølgje tal frå SSB, er det venta at eg og du vil ete og drikke for heile 4400 kroner kvar i desember månad.

Hilde Drabløs

SJOKKERT: Hilde Drabløs er sjokkert over kor mykje nordmenn er venta å bruke på mat og drikke i julemånaden.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Det betyr at nordmenn brukar 23 milliardar kroner berre på mat og drikke. Og det er 4 milliardar kroner meir enn vi brukar i snitt nokon annan månad i året. Tala omfattar sal i daglegvarebutikkar og spesialforretningar.

– Det var sjokkerande og ekstremt mykje. Vi er nok langt frå gjennomsnittet, seier Hilde Drabløs. Ho anslår at hennar familie med to vaksne og to born brukar berre rundt 8000 kroner i julemånaden.

Befolkningsveksten har noko av skylda

Prognosane til SSB syner at det totale forbruket i desember vil ligge på 55,6 milliardar kroner. Dette utgjer 10 600 kroner per person. Det har vore ein tydleg vekst i juleforbruket sidan SSB byrja å registrere juleforbruket vårt i 2004. For tretten år sidan brukte vi 7 786 kroner kvar i desember.

Forbrukerøkonom i DnB Silje Sandmæl

FORBRUKERØKONOM: Silje Sandmæl er forbrukerøkonom i DnB.

Foto: Stig B. Fiksdal

Tala sjokkerer ikkje forbruksøkonom Silje Sandmæl.

– Nordmenn har fått betre råd og mykje av grunnen er den lave renta, fortel Sandmæl.

Ho vil understreke at mykje av forbruksveksten sidan 2004 skyldast veksten i folketalet. Pengane sit likevel lausare og vi brukar meir grunna den økonomiske veksten.

Kvalitet ein viktig prioritet

Jorunn Totland og Jostein Telvik

KVALITET: Jorunn Totland og Jostein Telvik handlar juleribba hos Hole kjøt i Ålesund. Dei er opptatt av god kvalitet på julemiddagen.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Tilbake i kjøthandlaren i Ålesund er god kvalitet på julemiddagen ein viktig prioritet.

– Eg vil ikkje ha ribbe frå ein lågpriskjede, eg skal ha kjøtet skikkeleg tørka, seier Jorunn Totland frå Måløy som har tatt turen innom kjøthandlaren.

Kjøthandlar Hole kjenner til denne prioriteringa.

– Vi får inn fleire spesialbestillingar, for når det er jul, så handlar det om tradisjon og då vil folk ha litt ekstra, seier Hole.