Hopp til innhold

Mange nordmenn gav naudhjelp til Gaza som julegåver

Hjelpeorganisasjonar melder om auke i «gåver med meining» etter krigen i Gaza braut ut. Men organisasjonar utan fokus på Gaza rapporterer om mindre gjevarglede.

Mange palestinere står i kø og venter på mat sør i Gaza. Bildet er fra 8. november 2023.

ENORMT NAUDHJELPSBEHOV: Innbyggarar i Rafah på Gaza-stripa står i kø og ventar på forsyningar av mat og drikke i november.

Foto: Hatem Ali / AP

– Me har aldri sett det same enorme engasjementet for eit område som me no opplever for Gaza, seier marknads- og innsamlingssjef Grete-Lise Christiansen i Leger Utan Grenser.

Organisasjonen har i år fått 12 millionar kroner i direkte støtte til arbeidet i Gaza.

Dei har også sett ein auke på nesten 2 millionar kroner i «julegåver med meining» – til saman nesten 6 millionar.

– Folk er opprørte, dei ønskjer å gjera ein forskjell og å protestera på sitt vis, seier Christiansen.

NRK har spurt fleire av dei største organisasjonane som bidrar med humanitær naudhjelp i Gaza korleis krigen mellom Hamas og Israel har påverka nordmenn sine gjevarvanar.

– Raus støtte

Flyktninghjelpen, Norsk Folkehjelp og Redd Barna er dei tre største mottakarane av statleg støtte til bistandsarbeid i Palestina (sjå faktaboks).

Alle ser same tendens som Leger Utan Grenser, men Norsk Folkehjelp og Redd Barna har ikkje enno fått oversikt over dei private donasjonane dei fekk fram mot jul og nyttår.

Flyktninghjelpen seier dei har opplevd stor givarglede dei siste tre månadene. Det har vore ein stor auke i enkeltdonasjonar samanlikna med førre kvartal.

Siste kvartal i 2023 fekk dei inn 58 millionar kroner. Dette er 12 millionar meir enn i fjor.

5 millionar var donasjonar direkte til Gaza, medan resten var ei auka støtte frå faste gjevarar.

Skjermdump av eksempel på "julegave med mening"

EKSEMPEL: Dette er ein av mange alternative julegåver som kunne hamna under norske juletre dette året.

Foto: Norsk folkehjelp / Skjermdump

Mange ønsker å støtta hjelpearbeidet i Gaza spesielt, og svært mange har gitt ei gåve i samband med den generelle juleaksjonen for menneske på flukt.

– Me set enormt stor pris på den rause støtta. Det betyr at me kan hjelpa endå fleire som flyktar frå krig og konflikt akkurat no, skriv Flyktninghjelpen til NRK.

Dobling av «symbolske julegåver»

Norsk Folkehjelp har i haust vore ein pådrivar for støttedemonstrasjonar og -arrangement for Gaza i norske byar.

– Spesielt i haust har me sett heilt enormt med givarglede og iver etter å visa solidaritet gjennom Vipps-donasjonar, seier Hege Lilleheil Horsberg.

Hege Lilleheil Horsberg i Norsk Folkehjelp

Horsberg er leiar for marknad og kommunikasjon i Norsk Folkehjelp.

Foto: Norsk Folkehjelp

Kvart år har folk høve til å gi det organisasjonen kallar «symbolske gåver» til støtte for arbeidet for folk i krig og nød.

– I år er det samla inn dobbelt så mykje som i fjor.

I tillegg til faste innsamlingsaksjonar har det i år vore fleire eigne innsamlingar på grunn av situasjonen i Gaza.

Dyrtid

Redd Barna ligg an til å få donert meir i perioden oktober – desember enn dei 25,4 millionar kronene dei fekk i same periode i fjor.

Fleire gir, men det blir litt gitt mindre beløp enn før. Me tolkar det slik at givargleda er stor, men at folk har mindre å rutta med, skriv dei til NRK.

Norsk Folkehjelp har ikkje merka denne tendensen.

– Me har fått eit veldig høgt tal transaksjonar det siste kvartalet, og ser ikkje noko klart mønster i at summane har blitt mindre.

– Det er utruleg rørande for oss å sjå det enorme engasjementet når me veit at mange eigentleg har fått mindre å rutta med, seier Horsberg.

UNICEF – verdas største hjelpeorganisasjon for barn – melder om tilsvarande auke i engasjement i Noreg: 19 prosent meir i juleaksjonen enn året før.

Demo Bergen

Ein av haustens støttedemonstrasjonar i Bergen mot bombing i Gaza.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politisk betent

Palestina og Israel er eit politisk betent tema, både internasjonalt og i Noreg.

– Korleis påverkar det gjevargleda?

– Det er fokus på dei humanitære lidingane og det er det folk donerer til, seier Horsberg i Norsk Folkehjelp.

– Folk flest ser at her har ein trakka over nokon grenser som ein ikkje skulle trø over. Det er snakk om menneskeverd, at alle menneske er like mykje verd og at alle har rett på tilgang til helse og så vidare. Det er heilt klart grunnen til at me får så enorm støtte frå folk flest, seier Christiansen i Leger Utan Grenser.

– Trist tankekors

Palestinakomiteen i Noreg jobbar politisk, ikkje med naudhjelp. Men også dei har i haust hatt ein kraftig auke i støtta.

– Dette ein så ekstrem humanitær katastrofe at folk føler at dei må gjera noko, uansett kor dei står politisk, seier leiar Line Khateeb.

– Me har opplevd ei overveldande, kjempestor givarglede. Det er eit lyspunkt som gjer godt i ei svært tung tid med den forferdelege krigføringa som skjer mot sivile på Gazastripa.

Pengegåvene har auka dramatisk sidan Gaza-krigen starta 7. oktober.

– Det har mangedobla seg dei to siste månadane i forhold til det me pleier å få inn. Men det er jo eit trist tankekors at det skjer på grunn av råskapen til Israel, seier politisk nestleiar Morten Sortodden.

I tillegg har medlemsmassen i år gått frå 5183 til 9475 medlemmer, ein auke på 82 prosent.

– Eg tolkar den auka støtta som eit veldig sterkt teikn på at folk meiner me gjer ein viktig jobb for ein meir rettferdig norsk palestina-politikk, seier Khateeb.

Line Khateeb er leder av Palestinakomiteen

Leiar Line Khateeb i Palestinakomiteen i Noreg.

Foto: Alf Simensen / NRK

Også organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF) – Palestinakomiteens «politiske hovudmotstandar» – har fått auka økonomisk støtte i haust.

Dei siste tre månadane har dei fått rundt 5 millionar kroner, mot 2,6 millionar kroner i same periode i fjor. Medlemstalet har sidan september auka over 20 prosent, frå 11.254 til 13.563.

– Ekstragåver sit lenger inne

To organisasjonar melder at det i år har vore litt tyngre enn før å få inn pengar i julekampanjane.

SOS Barnebyer Noreg har fått inn store bidrag til Gaza frå bedrifter og private. Men både juleinnsamling og andre sporadiske gåver har vore vanskelegare enn i tidlegare år.

– Dei som gir faste fadder-bidrag til oss, beheld engasjementet sjølv i dyrtid, men julebidrag og andre småaksjonar går noko ned, seier kommunikasjonssjef Sigurd Skjefstad.

Næringslivet har gitt omtrent som i 2022, medan privatpersonar gav 15 prosent mindre.

Han seier også at det er ein kontrast til nordmenns engasjement for Ukraina.

– Pengane til Gaza sat veldig mykje lengre inne enn for eksempel pengar til Ukraina. På den andre sida er det mykje lettare å få pengegåver til Gaza enn til tørke- og svoltråka område som Sudan.

Julegaver foran et juletre.

Mange nordmenn har i år gitt symbolske julegåver til naudhjelp i Gaza.

Foto: Shutterstock

Juleaksjon utan Gaza-fokus

Også Røde Kors har noko av den same erfaringa. Kommunikasjonsrådgjevar Truls Brekke nemner fleire moglege forklaringar:

  • Dyrtida gjer at folk har det tøffare økonomisk.
  • Fjoråret var heilt eksepsjonelt på grunn av krigen i Ukraina. Givargleda var då enorm. Ukraina-kampanjen fekk inn veldig mykje gjennom heile 2022.
  • Folk har ønska å gi til Gaza, medan juleaksjonen til Røde Kors ikkje hadde direkte fokus på Gaza.

– Me hadde allereie planlagt den generelle julekampanjen vår då krigen i Gaza starta. Me har samla inn til naudhjelpsarbeidet vårt generelt. Pengane blir jo også brukt på Gaza, men det var kanskje litt forvirrande for folk, seier Brekke.

Røde Kors har dei tre siste månadane fått inn 33 millionar kroner, inkludert 9 millionar kroner til naudhjelp i Gaza spesielt. 19 av millionane var generelle «julegåver» i desember.

Til samanlikning vart det samla inn 7 millionar kroner mindre i same periode på tre månader året før.