NRK Meny
Normal

Vêrgudane spelte på lag med Ålesund Live

Strålande vêr samla fleire tusen til festival i Ålesund sentrum i helga.

Ålesund Live 2016

St. Olavs plass var fylt til randen laurdag kveld. Totalt skal rundt 6000 ha vore innom festivalområdet denne helga.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Denne helga gjekk startskotet for festivalsommaren då Ålesund Live gjekk av stabelen i Ålesund sentrum.

– Det gjekk over all forventning og oppmøte har vore svært bra. Det har totalt vore rundt 6000 besøkande innom festivalen i løpet av helga, seier Terje Erstad, presseansvarleg i Momentium.

St. Olavs plass var fylt til randen

Det var ifølgje han selt litt under 3000 billettar fredagen og i overkant av 3000 billettar laurdag. Det er andre året festivalen blir arrangert i Ålesund.

Ålesund Live 2016

Fredag var det selt rundt 3000 billettar. Då stod mellom anna Susanne Sundfør og Bo Kaspers Orkester på scena.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi selde fleire billettar i år enn i fjor. Laurdag var St. Olavs plass fylt til randen. Eg trur vi må takke vêrgudane for det. At vêret er bra her på Sunnmøre er inga sjølvfølge, så vi har hatt vêret på vår side denne helga, seier Erstad.

Han trur det gode vêret er ei av årsakene til at enno fleire tok turen på festivalens andre dag.

– Vi ser at billettane til fredag i hovudsak var kjøpt på førehand. På laurdag var det fleire som kjøpte billettar på sjølve dagen. Eg trur mange bestemte seg for å ta ein ekstra dag eller kom på grunn av vêret, seier Erstad.

God blanding av artistar

På plakaten denne helgen stod namn som Susanne Sundfør, Bo Kaspers Orkester, Bernhoft og DumDum Boys.

Ålesund Live 2016

DumDum Boys fekk æra av å avslutte heile festivalen laurdag kveld

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Også fleire lokale artistar har stått på scena denne helga. Blant dei var Hilde Marie Kjersem, eller Marie Munroe, som er artistnamnet, og Tellef Raabe frå Ålesund som stod på scena laurdag.

– Vi prøver alltid å ha både lokale og nasjonale eller internasjonale artistar på festivalane våre. Det at vi har artistar med lokal forankring er kjekt både for dei sjølve og publikum. I helga har vi i tillegg hatt lokale aktørar som er svært etablerte artistar, seier Erstad.

Det var DumDum Boys som fekk æra av å avslutte festivalen laurdag kveld. Og det var ingen tvil om at stemninga var på topp, meiner Erstad.

– Dei leverte utruleg bra. DumDum Boys er eit av dei få banda som treff breitt. Det er kjekt å sjå at alt frå 20-åringar til 60-åringar syng med, seier han.