Hopp til innhold

Verft lova bot og betring – no har arbeidarar igjen fått for lite lønn

Konsernet Vard lova å rydde opp etter at det blei avdekt at utanlandske arbeidarar ved eit verft fekk for lite lønn. Likevel skjedde det igjen.

Arbeidere går ved siden av cruiseskipet "Viking Octantis" ligger til kai ved verftet Vard Søviknes.

Eit halvt år etter oppvasken, fekk utanlandske arbeidarar ved verftet på nytt for låg lønn. Bildet er tatt i fjor og NRK har sladda nokre detaljar. NRK er ikkje kjent med kva slags selskap arbeidarane på bildet jobba for.

Foto: Arne Fredrik Næss / NRK

Det gjekk definitivt ikkje som det skulle då cruiseskipet «Viking Octantis» blei bygd på skipsverftet Vard Søviknes utanfor Ålesund. Då NRK i fjor var med politiet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet på tilsyn, blei det avdekt ei rekke lovbrot.

Storkontrollen var ein del av «Operasjon verft».

Utanlandske arbeidarar i 26 underselskap, som jobba ved Vard Søviknes, blei sjekka. Dei fleste fortalde om for låg lønn.

Det spanske firmaet Electromecánica Del Noroeste kunne den gong verken legge fram arbeidskontraktar eller lønnsslippar.

Lova å rydde opp

Arbeidstilsynet konkluderte med at Vard Søviknes hadde brote plikta med å sjå til at alle fekk minstelønn.

Då NRK skreiv om brota, hevda Vard at dei hadde rydda opp.

– Vi har gjort ein grundig gjennomgang av alle avtalane våre. Tidlegare sa vi at ein skal følgje norske lover og reglar. No forklarer vi kva det inneber, sa mellom anna konserndirektør for HMS og kvalitet, Magne Bakke.

Magne Bakke er Vard-konsernets direktør for HMS og kvalitet.

Magne Bakke sit i Vard-konsernet si leiing og har ansvar for arbeidsforhold.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fleire tilfelle av underbetaling

No, over eitt år etter storkontrollen, har NRK undersøkt om Vard verkeleg har rydda opp. Men trass i skjerpa rutinar, har det skjedd fleire feil.

Ni spanske heismontørar frå selskapet Electromecánica Del Noroeste fekk for låg lønn då dei jobba på Vard Søviknes i februar og mars i år.

Dokumentasjon frå Arbeidstilsynet viser at éin av dei fekk 80 kroner timen, om lag halvparten av det han skulle ha.

Og i sommar blei det feil igjen. Ei stikkprøve gjort av Arbeidstilsynet viste at arbeidarane i det spanske firmaet fekk lågare timelønn-tillegg enn dei skulle ha.

På spørsmål frå NRK bekreftar Vard at dei også har avdekt feil hos fleire underleverandørar, men vil ikkje seie noko om kven det gjeld eller omfanget.

– Til dømes har vi oppdaga fleire som ikkje har vore registrerte hos Skatteetaten når dei kjem til verftet. Sjølv om selskapa ifølgje lova har ein 14 dagars frist for slik registrering, har dei ikkje fått tilgang til verftet før dette har vorte ordna, i tråd med prosedyrane våre, skriv Hege Anita Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard.

Hege Anita Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard

– Vi oppdaterer stadig rutinane våre og sørger for at det vi sjekkar er i tråd med gjeldande internasjonale retningslinjer, skriv Hege Anita Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Har ingenting i norsk arbeidsliv å gjere

Fellesforbundet meiner det er heilt uakseptabelt at arbeidarar får for låg lønn igjen og igjen.

– Det minste vi kan vente av eit norsk verft, er at dei klarer å hindre utnytting av arbeidstakarar innanfor eigne gjerde, seier leiar Jørn Eggum.

Han besøkte sjølv Vard Søviknes i fjor haust, under bygginga av «Viking Octantis».

– Arbeidsgivarar som underbetaler arbeidsfolk har ingenting i norsk arbeidsliv å gjere.

Jørn Eggum står på Youngtorget.

Jørn Eggum er leiar i Fellesforbundet.

Foto: Patrick da Silva Sæther / Patrick da Silva Sæther

– Tok omgåande affære

NRK har bedt om intervju med Vard til denne saka. Vard vil ikkje stille, men svarer skriftleg på spørsmåla. Vard informerer om at dei umiddelbart sette i verk tiltak etter tilsynet i fjor, og desse rutinane har vore følgde sidan.

– Korleis er det mogeleg at arbeidarar ved verftet i 2022 ikkje får betalt minstelønn?

– Vi forvissa oss om at Electromecánica Del Noroeste hadde arbeidsavtale for oppdraget i Noreg for alle arbeidarane sine som sikra dei lønn i samsvar med norsk lov. Då vi vart kjende med at arbeidarane i februar og mars likevel ikkje hadde fått lønn i samsvar med den dokumentasjonen vi hadde fått, tok vi omgåande affære. Vi kravde at selskapet etterbetalte sine tilsette med det same og før fristen til Arbeidstilsynet gjekk ut, skriv Akselvoll.

Arbeidstilsynet bekreftar overfor NRK at arbeidarane har fått etterbetaling.

En arbeider ved Vard Søviknes står på kaia og ser på et cruiseskip som er under bygging.

Cruiseskipet «Viking Octantis» låg til kai ved skipsverftet Vard Søviknes i fjor haust. Vard-gruppa er det største skipsverftskonsernet i Noreg.

Foto: Arne Fredrik Næss / NRK

Skal sjå til at arbeidarane får rett lønn

Det er ikkje Vard som betaler ut lønn direkte til arbeidarane. Vard opplyser til NRK at dei betalte det spanske selskapet ein fast pris for installering av heiser.

Likevel har Vard ansvar for å «påse» at underleverandørane betaler arbeidarane rett lønn.

Ifølgje Arbeidstilsynet kan den såkalla «påse-plikta» oppfyllast ved til dømes klausular i kontraktane om at arbeidarane skal ha minstelønn eller meir, og at dette blir følgt opp ved at det blir henta ut dokumentasjon på arbeidstakarane sine lønns- og arbeidsvilkår.

Meiner dei overheld «påse-plikta»

Etter storkontrollen har Vard endra prosedyrane ved alle Vard-verft i Noreg.

Sjølv om nokre arbeidarar igjen fekk for lite betalt, meiner Vard at dei overheld «påse-plikta» gjennom at prosedyrane deira vert følgde.

– Ved at vi krev å få sjå oppdragskontrakten leverandørane inngår med arbeidarane sine, sikrar vi at arbeidarane veit kva lønn dei har rett på og som vi forventar at dei får. Dette, saman med andre rutinar, har Arbeidstilsynet konkludert med at er i tråd med informasjonsplikta og «påse-plikta» som Vard har for underleverandørane sine, skriv Akselvoll.

– Kan skje feil

Når NRK kontaktar Jens Erik Romslo, seksjonssjef i Arbeidstilsynet, seier han at det er grunn til å stille spørsmål om verfta overheld informasjons- og «påse-plikta» dersom nokon ikkje får minstelønn.

– Det er uheldig når det blir avdekt feil, men vi må erkjenne at det kan skje og må ha tolmod når det gjeld store endringsprosessar, seier Romslo.

– Men vi har vore i dialog med Vard og dei har gjennomført ei rekke endringar på systemnivå, og held på å gjere enda fleire.

Jens Erik Romslo er seksjonssjef i Arbeidstilsynet.

– Det er komplekse saker og det krev kompliserte berekningar for å avdekke avvik. Arbeidstilsynet og verfta har ulike verkemiddel og verktøy til å hente inn informasjon, seier Jens Erik Romslo, seksjonssjef i Arbeidstilsynet.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Politiet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet har samarbeidd om «Operasjon verft», eit to år langt tilsynsarbeid ved verft i Møre og Romsdal. Prosjektet har eit førebyggande perspektiv der eitt av måla er å gjere verfta betre i stand til å følgje regelverka.

– Vi ser resultatet av det no. Verfta tar dette på det største alvor og gjer nødvendige endringar, seier Romslo.

Kontrollører fra politiet, Arbeidstilsynet og Skatteetaten arbeider sammen under tilsyn ved Vard Søviknes i oktober.

Kontrollørar frå politiet, Arbeidstilsynet og Skatteetaten jobba saman under tilsyn ved Vard Søviknes i oktober i fjor. NRK har sladda detaljar i bildet.

Foto: Arne Fredrik Næss / NRK

Vil ikkje kommentere

Som NRK har omtalt tidlegare, fekk Electromecánica Del Noroeste først det høgaste gebyret Arbeidstilsynet nokon gong har gitt. Dei blei bedne om å betale éin og ein halv millionar kroner. Men etter å ha klaga, slapp firmaet å betale gebyret.

Les også Arbeidstilsynet droppet rekordbot: – Lett å slippe unna med juks

Stortingsrepresentantene Mímir Kristjánsson fra Rødt, Kirsti Bergstø fra SV og Dagfinn Olsen (Frp) reagerer på Arbeidstilsynets arbeid i saken mot det spanske selskapet.

NRK har gitt Electromecánica Del Noroeste høve til å svare på spørsmål om kvifor dei ikkje gav arbeidarane lønna dei hadde krav på.

«Vår klient har ikkje ønskt å kommentere dette utover å vise til kontakten mellom selskapet og Arbeidstilsynet», skriv selskapet sin norske advokat, Thorkil H. Aschehoug, i ein e-post til NRK. Det spanske selskapet har reist frå Noreg.

Ingen har fått tvangsmulkt

Etter kontrollane i fjor gav Skatteetaten ei rekkje selskap varsel om mogleg bot på grunn av manglande rapportering.

– Det store fleirtalet av verksemdene retta seg etter regelverket og ingen er til no gitt tvangsmulkt, seier skattekrimsjef Erik Nilsen til NRK.

Av dei 15 verksemdene som ikkje var registrerte med organisasjonsnummer då Skatteetaten gjennomførte kontrollane, har ni vorte registrerte i etterkant. Dei siste seks uregistrerte har etter det Skatteetaten erfarer ikkje oppdrag i Noreg lenger.

Skatteetaten seier dei vil følgje med på verftsbransjen, som dei reknar som ein av fleire risikobransjar for arbeidslivskriminalitet.

Les også Nå får Arbeidstilsynet større slegge – SV sikrer flertall for megabøter

Statsminister Jonas Gahr Støre legger fram regjeringens tiltredelseserklæring