Dei neste 12 åra har Forsvaret fått 600 milliardar kroner ekstra til å styrke den militære flåten. Nesten halvparten av pengane skal gå til Sjøforsvaret, noko som også inkluderer minst fem nye fregattar.
Desse bør byggast i Noreg. Det meiner verftsdirektør Ronny Langset ved Vard Langsten i Romsdal. Løysinga er eit samarbeid med amerikanarane, seier han.
Ifølge han er dei i ein unik posisjon sidan dei er ein del av det italienske Fincantieri-konsernet. Fincantieri skal bygge minst 20 fregattar for den amerikanske marinen.
– Vi meiner at Vard kan ta over og bygge det same som amerikanarane har gjort. Dermed kan vi betydeleg korte ned på designperioden og få eit ferdig testa produkt, seier Langset.
– Bør byggast i Noreg
Bransjeorganisasjonen Norske skipsverft har tidlegare tatt til orde for at bygginga av norske militærskip bør skje her til lands.
Også Langset meiner at norske verft har alle føresetnadane for å kunne bygge slike skip.
– All skipsbygging i Noreg går ut på at skroga blir produserte i utlandet og utrusta her heime. Det kan vi også gjere med fregattane.
I dag inviterte verftsdirektøren politikarar til verftet i Tomrefjorden i Vestnes. Målet er å vise dei at norske verft er konkurransedyktige.
– Det er viktig for oss å fortelje politikarar og Forsvaret at dette er ei gyllen moglegheit til å få alle krava ein ber om, her i Noreg. Vi veit at ting kan skje raskt når det gjeld store industrielle anskaffingar, så difor er det viktig å vere på offensiven, seier Langset.
Vard har hatt ein rekke store kontraktar dei siste åra, og mellom anna stått for bygginga av tre kystvaktskip til Kystvakta.
Langset meiner det gir dei både erfaring og kompetanse på dette området og at dei også kan innfri på leveringstid.
– På den måten kan vi både få ein kompetanse på å bygge og halde ved like fregattane, noko som vil hjelpe oss i lang tid framover.
– Ei konkurranse
Regjeringa har sagt at fregattane skal bestillast og driftast i samarbeid med ein nær alliert. I dag fekk politikarar presentert forslaget frå Vard.
Ein av dei som besøkte verftet i dag var Bengt Fasteraune (Sp), medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen.
Han meiner det er mogleg å bygge fregattane i Noreg.
– Det er heilt klart mogleg fysisk. Utfordringa er jo sjølvsagt at det er ein type fartøy som krev ganske mykje i forhold til å samarbeide med fleire nasjonar. Det som er det viktigaste er at vi skal kunne operere saman.
Fasteraune vektlegg at Vard tidlegare har vist at dei kan levere på andre prosjekt, og at dei dermed er ein kandidat til å bygge fregattane, om det skulle skje her til lands.
– Samtidig er dette ein konkurransesituasjon, og det er vi veldig tydeleg på. Det skal vere eit fartøy som har god operativ effekt og der vi får mykje igjen for pengane.
– Kva kan du love Vard i dag?
– Eg kan ikkje love noko anna enn at eg skal formidle vidare den bodskapen dei har. Men når eg veit kva dei har prestert tidlegare, så har trua på at dei kan få det til.
Førebudd på at det blir ein konkurranse
Vard er tydelege på at dei er klare for å kjempe om moglegheita til å bygge fregattane lokalt.
Likevel treng dei hjelp, seier verftsdirektør Ronny Langset.
Han vektlegg at dei enno ikkje har vore i kontakt med amerikanske styresmakter om eit strategisk samarbeid for å kunne nytte seg av designen og systema som dei bruker.
– Det er ikkje slik at dørene står opne for kven som helst å snakke med dei. Så vi er ute etter at norske myndigheiter opnar desse dørene for oss. Og så må det diskusjonar til, mellom Noreg og USA. På same måte som dei har det med andre aktørar. For det er framleis ein konkurranse, seier Langset.