Det er uroleg stemning blant dei tilsette ved Hatlane omsorgssenter i Ålesund. Politikarane har bestemt at institusjonen skal konkurranseutsettast, slik at private kan drifte senteret.
– Tilsette søker seg vekk. Dei er bekymra for lønna og pensjonen, seier plasstillitsvald, Wilma Heuten, for Norsk sjukepleiarforbund.
Politikarane har som mål å spare minst 3, 6 millionar kroner kvart år ved å la private aktørar ta over drifta.
Wilma Heuten er plasstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund.
Foto: privatMå bruke vikarbyrå
Men før konkurransen for private tilbydarar er lyst ut, har utgiftene ved omsorgssenteret auka med 3,5 millionar kroner årleg.
Fleire assistentar og helsefagarbeidarar har slutta. Fem stillingar står ledige og må dekkast opp av vikarbyrå, som er dyrare.
Det er nemleg vanskeleg å rekruttere nye folk på grunn av usikkerheita med nye aktørar.
Sjukefråværet har også auka.
– Sparer ingenting
Wilma Heuten meiner at arbeidsmiljøet på omsorgssenteret var bra før prosessen med konkurranseutsetting starta. No er dette tema kvar einaste dag.
– Kommunen sparer ingenting. Dei har meir utgifter, seier Heuten.
– Kva er så gale med å jobbe på ein privat institusjon?
– Det meste går på at ein kan få mindre lønn. Og så kan det vere utfordringar med pensjonen for helsefagarbeidarar og assistentar, seier Heuten.
Sjukepleiarane har lovpålagt pensjonsavtale i KLP uansett om dei jobbar for det offentlege eller private. Det gjeld ikkje for andre helsetilsette.
Heuten meiner Ålesund kommune bør stoppe konkurranseutsettinga og drifte omsorgssenteret sjølv.
– Då får vi søkjarar til ledige stillingar og har behov for færre vikarar, seier den tillitsvalde.
Kritisk til konkurranseutsetting
Arbeiderpartiet, som sit i opposisjon, er kritisk til at drifta av omsorgssenteret skal lystast ut i konkurranse. Dei meiner at det ikkje blir billegare, og at prosessen må stoppast.
– Store internasjonale studier viser at det blir ikkje betre kvalitet og vi har mange norske døme på at dei tilsette får dårlegare lønns- og pensjonsvilkår, seier Ove Økland (Ap). Han er medlem i hovedutvalet for helse- og omsorg.
Vil ikkje stanse prosessen no
Ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand (Frp) seier at han forstår at det er vanskeleg for dei tilsette.
– Det er sjølvsagt ikkje ynskjeleg at tilsette sluttar, men eg har forståing for at prosessen skaper utryggleik, seier Lykkebø Strand.
Håkon Lykkebø Strand er ordførar i Ålesund kommune. Han vil ikkje stanse konkurranseutsettinga av Hatlane omsorgssenter no.
Foto: Remi SagenHan håper at flest mogleg blir med vidare hos ein eventuell ny privat aktør eller i andre deler av kommunen sine omsorgstenester.
Ordføraren seier at dei ikkje kjem til å stanse konkurranseutsettinga no. Konkurransegrunnlaget er ute på høyring der aktørane kan kome med innspel.
Trur på gevinst
– Vi meiner at med å sleppe til private aktørar kan det gi gevinst for innbyggjarane på kvalitet og pris. Skulle det vise seg at det ikkje er tilfelle, vil vi stoppe prosessen, seier Lykkebø Strand.
Ålesund kommune trur ikkje at ein ny aktør er i gang med drifta før våren 2026. Dei ventar at dei kan måtte bruke 11–12 årsverk henta frå vikarbyrå i eit halvt år, står det i forslaget til økonomiplan.