Hopp til innhold

To menn er sikta etter valdshending i Ålesund

Politiet har sikta to menn i slutten av tenåra etter ei valdshending på eit hotell i Ålesund. Ein person blei frakta til sjukehus.

Ålesund politistasjon

VALD: To personar blei tatt med inn til arresten og sikta etter ei valdshending på eit hotell i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Valdshendinga skjedde i Ålesund førre veke.

Ei patrulje frå politiet var ute og køyrde då dei blei merksame på tre personar på eit hotell. Det fortel politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik til NRK.

Ein mann i 20-åra skal ha blitt hardt skadd i valdshendinga.

– Han var forslått og blei frakta til sjukehus etter hendinga, fortel politiadvokaten.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Har videomateriale

Dei to mistenkte mennene blei tatt med inn til arresten onsdag 8. oktober og avhøyrt.

– Dei er sikta for grov kroppskrenking, seier Grimstvedt Kvalvik.

Sjølve valdshendinga skal ha skjedd inne på eit hotellrom.

Politiet er i gang med å etterforske saka og seier det er for tidleg å seie noko om bakgrunnen for valden.

Dei har mellom sikra seg videomateriale frå hendinga.

– Den gir oss eit bilde av kva som skal ha skjedd, seier politiadvokaten.

Videoane skal også ha sirkulert og politiet ber folk om å ikkje dele desse.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik.

Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK