Hopp til innhold

Norske verft krev å få bygge nye militære skip for Forsvaret

Forsvaret meiner skipsverfta bør vere ein del av landets beredskap. Då bør militære skip byggast her heime, svarar verftsnæringa.

Den norske fregatten F314 KNM "Thor Heyerdahl" på veg nordover.

Forsvarssjefen anbefaler å bygge 35–40 nye fartøy. I løpet av neste år får Stortinget saka til behandling.

Foto: Frode N. Børfjord

Dei siste åra har mange norske skipsbyggarar kjempa for å overleve. Dei konkurrerer med utanlandske verft.

Men for Forsvaret er det avgjerande at den norske verftsindustrien finst.

Sjøforsvaret brukar ein milliard kroner i året på reparasjonar og vedlikehald hos verfta. Dei meiner at norske verft må vere ein del av beredskapen.

Dersom alle kommersielle kundar vel utanlandske verft, må Sjøforsvaret framleis ha verft i Noreg for å sikre beredskap. Då vil også kostnadane truleg auke, seier Nils Nordstrand. Han er kommandørkaptein og nestleiar i Langtidsplan og utvikling i Sjøforsvarstaben.

I Noreg har fleire verft blitt lagt ned eller samanslått dei siste åra.

Nils Nordstrand

Kommandørkaptein Nils Nordstrand seier at norske verft er viktige for den norske beredskapen. Han trur verfta kan vente at det kjem store oppdrag framover.

Foto: Forsvaret

Treng fleire nye fartøy

Det er ikkje berre vedlikehald Forsvaret skal bruke pengar på. Forsvarssjefen anbefaler å bygge 35–40 nye fartøy. Blant anna seks ubåtar, seks fregattar, 20 store og små standardiserte fartøy til marinen, og fleire fartøy til Kystvakta.

Nils Nordstrand meiner at standardfartøya kan byggast i Noreg, men at fregattane bør byggast i samarbeid med allierte.

– Det kan hende at verfta kan bygge fregattar, men vi som kundar er ikkje gode på å drifte ein type fregatt, som ingen andre har. Vi treng å vere fleire for å drifte den godt saman, understrekar han. Han møtte verftsnæringa på konferanse nyleg.

Han trur også at allierte også kan tenkast å bruke norske verft i sin vedlikehaldsplan framover, dersom Noreg utviklar samarbeidet sitt og kjøper like fartøy.

– Fregattar bør byggast i Noreg

Hugo Strand

Hugo Strand er styreformann i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft. Han meiner at kontraktane på militærskip bør gå til norske verft.

Foto: privat

– Det er berre tull at vi ikkje kan bygge fregattar. Vi er fullt ut i stand til å gjere det, seier Hugo Strand, som er styreformann i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft. Kystens næringsliv omtalte saka først.

Han meiner kontraktane om å bygge militære skip må gå til norske verft og at dei allereie no må få signal om å førebu seg til anbodskonkurranse. Ikkje berre på standardskip, men også på avanserte fartøy, som fregattar. Sjølv om Noreg bestiller desse i samarbeid med andre land, bør skipa byggast heime, etter hans syn.

Må lære av feila

Strand meiner det løner seg å bygge i Noreg, i tillegg til at det er tryggare. Norske verft kan serve båtane i krise og krig, og også hjelpe allierte.

Noreg bestilte fem fregattar ved eit spansk verft for om lag 20 år sidan, og problema stod i kø med manglande vedlikehald og reservedelar.

Strand meiner vi må lære av dette og ikkje sløse bort tida.

– Det er nesten horribelt at vi må bruke krefter på å forklare politikarar og Forsvaret kvifor vi skal bygge fartøya i Noreg. Eg vil drepe den diskusjonen med ein gong, seier Strand.

Han meiner at dersom styresmaktene meiner at verfta er viktige for beredskapen, må dei også vise det i handling.

Kystvaktskipet Kv Bjørnøya blei døypt ved Vard Langsten

Kystvaktskipet KV Bjørnøya vart nyleg levert frå Vard Langsten. Verftet har bygd fleire militære skip for Forsvaret.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ikkje bestemt enno

Regjeringa utarbeider no ein langstidplan for forsvarssektoren, som skal leverast til Stortinget i 2024. Der skal ein blant anna vurdere korleis satsinga på militære skip skal vere.

– Det er altså for tidleg å seie kva typar fartøy vi skal ha i Forsvaret i framtida, og dermed også for tidleg å seie noko om kvar dei skal produserast, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp). Han meiner at arbeidet med å byggje opp Forsvaret kjem til å gi store ringverknader for norsk industri.