I følge Arbeidsmannsforbundet er det varsla plassoppseiing for vektarar som utfører tryggleiksoppgåver på Ormen Lange anlegget.
Hydro søker dispensasjon
Informasjonsansvarleg Dag Ofstad i Hydro seier dei førebels ikkje veit så mykje om følgene av ein mogleg streik, men at arbeidet på anlegget truleg kan halde fram.
- Vi kjem til å søke om dispensasjon for dei vektarane som har med liv og helse å gjere, og dersom vi får dispensasjon, kan store delar av arbeidet halde fram, seier Ofstad.
Flytrafikken på Årø ramma
Molde lufthamn Foto: Gunnar Sandvik
Molde lufthamn Årø blir og ramma dersom vektarar går til streik frå laurdag morgon.
Det er vektarar organiserte i Arbeidsmandsforbundet som varslar streik for høgare løn.
Vektarane utfører mellom anna tryggleikskontrollar ved flyplassane og i første omgang kan det bli streik ved seks lufthamner.
Molde lufthamn Årø er den einaste av dei store flyplassane som blir ramma i Møre og Romsdal, seier lufthamnsjef John Offenberg. Streiken får ikkje konsekvensar for Kvernberget og Vigra.
Aker Langsten
Vektarstreiken kjem også til å ramme verftet Aker Langsten i Tomrefjord.