Hopp til innhold

Vekst i reiselivet skal skape trygge arbeidsplassar

Turistnæringa i Møre og Romsdal blomstrar som aldri før, og gjestar frå fjern og nær har vore hyppige gjestar denne sesongen.

Hotellseng

Stadig fleire ønskjer å kome til ei oppreidd hotellseng i sommarferien.

Foto: Illustrasjonsfoto: Ronny Brede Aase / NRK

I det som i turistnæringa sitt språk blir kalla «kommersielle overnattingar», kan Møre og Romsdal notere nesten 220 000 slike i løpet av juni. Det er over 32 000 fleire enn i same månad i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Juni-tala stadfestar det vi har hatt eit inntrykk av i heile sommar, seier Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Flest overnattingar var det ved hotella, som noterte seg nesten 122 000, medan campingplassane hadde knappe 84 000. Resten tok nettene i vandrarheimar eller hyttegrender.

Har tru på juli og august

Reiselivssjef Geir Steinar Vik

Reiselivssjef Geir Steinar Vik seier det har vore vekst i både by og bygd.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Juli og august tala kjem seinare, men vi trur at det også er kraftig vekst også i desse månadene. Og dette kjem på toppen av fjoråret, som var eit toppår, seier Vik.

At oppturen frå fjoråret skulle halde fram var ikkje uventa for reiselivsnæringa.

– Veksten skjer i marknader der vi har investert i marknadsføring. Ein gunstig valuta har og vore med og gitt oss ein fantastisk sommar.

Denne marknadsføringa har særleg vore retta mot den innanlandske marknaden, samt Tyskland, Frankrike, USA, Nederland og Asia.

Størst auke ved campingplassane

Og signal ut over sommaren har tyda på at marknadsføringa har nådd sitt publikum.

Om hotella i fylket har flest overnattingar, har auken vore størst hos campingbedriftene i landet. Dei kan registrere nesten 40 prosent auke.

– Vår suksessoppskrift er unike natur- og kulturopplevingar, gode digitale løysingar og gode direkte flysamband, seier direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Vik viser dessutan til forsøket og suksessen med at også rutebussar blei brukte for å profilere turistmål.

Håper på fleire arbeidsplassar

– Eit godt samarbeid i næringa spelar og inn, seier Vik.

Kristin Krohn Devold, NHO reiseliv

Direktøren i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, har håp at fleire og sterkare arbeidsplassar.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Han veit ikkje korleis terrorfrykten elles i verda har slått ut for trafikken i og til Noreg, men seier at vårt land tradisjonelt er vurdert som trygt.

– Vårt mål er at denne næringa skal vere sterk heile året. Difor jobba vi inn mot aktivitetar som blir brukte heile året. Vi prøver også å gjere regionen her synleg heile året, fortel Vik.

I ei tid der andre næringar slit, er også NHO Reiseliv opptatt av at dette i større grad skal bli ei heilårsnæring.

– Det er slik vi kan skape trygge arbeidsplassar i Noreg, noko vi treng meir enn nokon gong, seier Krohn Devold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL