Hopp til innhold

Spår rekordår for reiselivet

Alle dei tre reiselivsselskapa i Møre og Romsdal melder om svært godt belegg både på hotella og på campingplassane.

Ålesund

Fjellstua med utsikt over Ålesund er eit ynda mål for turistane.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Fjordar, fjell og norsk natur lokkar turistane til Møre og Romsdal. 2015 vart eit rekordår for reiselivet i Noreg og no ser det ut for at denne sesongen kan bli minst like bra som i fjoråret.

Den låge kronekursen er gunstig for utanlandske turistar, men Geir Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre trur også hard jobbing med marknadsføring gir uttelling no.

– Vi har vore flinke i mange år med å gjere Sunnmøre synlege som eit attraktivt reisemål. Det gir både vekst frå utlandet og frå nordmenn som ser at det er fint å feriere her i landet, seier Vik.

Geir Steinar Vik

Geir Steinar Vik er reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

LES OGSÅ:

Det er berre få veker sidan det såg alt anna enn lyst ut for hotella. Streiken blant dei tilsette gjorde at enkelte hotell måtte stenge og mange tapte mykje pengar. Dess meir gledeleg at denne sommaren ser bra ut.

– Det var viktig å få ein god turistsesong no for å få optimismen og trua tilbake i dei enkelte bedriftene og ikkje minst påfyll av god økonomi, seier Vik.

Han trur at denne sommaren kan slå fjorårets rekord.