Hopp til innhold

Vedtok å utsette fødesamanslåing  

Etter store protestar vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å utsette samanslåinga av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.

Anja Solvik kuppa styremøte i Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok onsdag å utsette samanslåinga av dei to fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Saka har skapt stort engasjement og Anja Solvik i Bunadsgeriljaen kuppa møtet etter vedtaket.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helseføretaket skal samtidig lage ein samla plan for funksjonsfordeling mellom sjukehusa.

Dei skal også gjennomgå faktagrunnlaget for fødesamanslåinga på nytt. Bakgrunnen er påstandar om feil. Det har mellom anna blitt retta mistillit mot klinikksjefen og avdelingssjefen i helseføretaket for informasjonen som blei gitt før vedtaket om å slå saman avdelingane blei vedtatt under eit styremøte i mars.

Det opphavlege forslaget var å slå saman fødeavdelingane 31. august. Men forslaget har ført til store protestar.

«Bunadsgeriljaen», som blei oppretta etter at forslaget om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund blei fremja, har no i overkant av 70.000 medlem på Facebook.

Kuppa møtet

Leiaren i Bunadsgeriljaen, Anja Solvik, tok ordet under styremøtet. Ho var glad for utsettinga, men meiner likevel at vedtaket ikkje er godt nok.

– De har hatt nok tid til å sjå på fakta i saka og dette kjennast som ein utmattingstaktikk. Det er viktig for dei tilsette og pasientane på Nordmøre at det er føreseieleg. Så vi ber om at dykk tidsbestemmer utsettinga så raskt som råd, sa Solvik.

Aksjonsgruppa krev ei utsetting i minst fem år.

Leiar i Bunadsgeriljaen, Anja Solvik, tok ordet under styremøtet i Helse Møre og Romsdal i dag.

Vil kome med eit tidsperspektiv snart

Administrerande direktør, Nils Kvernmo, seier at han skal kome med eit tidsperspektiv så fort som råd. Styret vil vurdere å kome med ein ny plan på neste møte som er i juni.

Nils Kvernmo

Administrerande direktør, Nils Kvernmo, seier at han skal kome med eit tidsperspektiv så fort som råd

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi må sjå på kva tempo som er fornuftig å ta dette på. Vi må også tenkje strategisk rundt kor mange store, krevjande prosessar vi kan ha gåande samtidig.

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, meiner det var viktig å få utsett saka.

– Det var ikkje mogleg å få gjennomført samanslåinga no med den sterke kritikken som har kome og alle dei forholda som ligg der, seier han.

Han viser vidare til kritikken som har kome frå mellom anna ein rekke ordførarar på Nordmøre, bunadsgeriljaen og fødande, som peikar på konkrete ting dei meiner er faktafeil.

– Dermed må vi gå gjennom og kvalitetssikre grunnlaget. Vi blir sjølvsagt påverka av alt som skjer rundt oss, men vi i styret må vurdere fakta og sjå om grunnlaget er tilstrekkeleg for å gjennomføre samanslåinga på eit gitt tidspunkt, seier Theodorsen.

Helseføretaket skal spare nær ein halv milliard på tre år. Samanslåinga av fødeavdelingane var blant tiltaka som skulle føre til årlege innsparingar. No er dette sett til null for 2019.

– Det gjer det ekstra krevjande at vi no ikkje greier å ta inn dei sparetiltaka som har vore foreslått, seier Theodorsen.

Har vore kritiske

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, seier at dagens vedtak er eit lite skritt i riktig retning.

Anja Solvik i Bunadsgeriljaen og Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, saman med leiaren av Bunadsgeriljaen, Anja Solvik.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er spesielt viktig at styret skal gjennomgå faktagrunnlaget. Vi på Nordmøre har jo kritisert dette sterkt, så vi er glad for at dei vel å gjere det.

Forslaget om å slå saman fødeavdelingane og nedlegginga av Aure rehabiliteringssenter, har ført til at fleire nordmørskommunar har sagt opp samarbeidsavtalane sine med helseføretaket.

– Vi krev eit vedtak om at begge fødeavdelingane skal bestå inntil det nye fellessjukehuset står ferdig. Inntil det skjer så er vi i ei slags konflikt med helseføretaket. Så vi har store forventningar før styremøtet i juni, seier Neergaard.

Det nye sjukehuset på Hjelset i Molde skal etter planen stå ferdig i 2024.

– Glad for utsetting

Styrerepresentant Bjarne Storseth var den representanten som sterkast markerte seg som motstandar mot samanslåing på førre styremøtet.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Mange følgde styremøtet i helse Møre og Romsdal spent.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg er svært glad for at saka blir utsett. Vi må også sikre god følgjeteneste enten avdelinga blir lagt til Molde eller Kristiansund, sa han.

Fleire styremedlemer gav tilslutning til utsettingsforslaget.

– Fagleg sett vil ei samling styrke det faglege tilbodet. Men som eg sa sist var eg skeptisk til tidspunktet. Det har skapt uro og vore øydeleggande for samarbeidet. Saka har også blitt brukt til å så tvil om realiseringa av det nye fellessjukehuset, sa tilsetterepresentant Sigurd Torvik Heian.

– Rett å oppheve vedtaket

Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe (Sp) meiner det var rett å oppheve vedtaket.

Kjersti Toppe

Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe (Sp.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det ville ha vore heilt uforsvarleg å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund på så kort varsel. Samtidig er eg skuffa, og hadde forventa at det ville kome ei tidsbestemt utsetting av nedlegginga, seier ho.

Toppe legg til at ei uforpliktande avgjerd om å utsette fødenedlegginga ikkje er ei løysing på saka.

Ingvild Kjerkol, Arbeidarpartiet sin helsepolitiske talsperson, meiner at utsettinga viser at folkeleg engasjement nyttar.

– Her ser vi at helseføretaket tek til seg at nedlegginga av fødetilbodet på dette tidspunktet, ville vere eit løftebrot mot innbyggarane i Kristiansund og på Nordmøre, seier Kjerkol.

SVs helsepolitiske talsperson, Sheida Sangtarash, synest vedtaket er eit positivt teikn.

– Dette viser at det nyttar å protestere. No må vi passe på at fødeavdelinga ikkje blir nedlagt før det nye sjukehuset og nødvendig beredskap står klar.