Hopp til innhold

Bruaset begeistra folket

Dokumentarfilmen om den smålåtne mannen bak «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», Oddgeir Bruaset, begeistra folk. 610.000 sjåarar fekk med seg programmet og på sosiale medium florerer lovorda.

Oddgeir Bruaset

Her kan du sjå dokumentaren om Oddgeir Bruaset og korleis han lagar serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Tysdag kveld vart tv-sjåarane betre kjent med programskapar Oddgeir Bruaset, gjennom dokumentaren «Mannen som oppdaga Noreg». 70-åringen har vorte landskjent etter han i ei årrekkje har besøkt folk som er busett på dei utrulegaste stadene.

På fjellgardar, holmar og skjer har journalisten portrettert dei som vel å leve heilt annleis enn folk flest i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Opp gjennom åra har 48 millionar sjåarar i inn- og utland sett serien.

LES OGSÅ:

Ekte folk

Bruaset får ofte tilbakemelding frå sjåarane om at dei likar programma fordi dette er ekte menneske som er seg sjølve.

– Dei fortel om livet dei lever utan å spjåke seg til. Dei spelar inga rolle. Dette er ekte menneske av kjøt og blod, seier Bruaset.

I bakgrunnen

Programskaparen sjølv er alltid i bakgrunnen og berre i sjeldne tilfelle er han å sjå i tv-ruta.

Serien hans er fri for kjendisar og han let folka få god tid til å prate. Nettopp desse særteikna er det som gjer at folk har blitt så glade i serien.

– Det er ein motstraums måte å vere programleiar på, for i dag står jo programleiaren midt i biletet og spelar sjølv hovudrolla. Dei medverkande vert behandla som statistar, seier Bruaset.

Gode sjåartal

610.000 tv-sjåarar såg dokumentaren tysdag. Dette utgjer ein marknadsdel på 37 prosent og var det sjette mest sette programmet på fjernsyn tysdag. Både på Twitter og på Facebook har sjåarane delt sine begeistringar. Ein av dei som likte programmet var Hallvard Flatland.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Også på NRK Møre og Romsdal sine facebooksider strøymer det på med kommentarar.

Begeistra over Oddgeir Bruaset på facebook
Foto: skjermdump frå facebook
Oddgeir Bruaset er mannen som har fått heile landet til å benke seg framfor tv-skjermen for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Noreg.
Oddgeir Bruaset er mannen som har fått heile landet til å benke seg framfor tv-skjermen for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Noreg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL