Møt mannen som oppdaga Noreg

Oddgeir Bruaset er mannen som har fått heile landet til å benke seg framfor tv-skjermen for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Noreg. I dokumentaren «Mannen som oppdaget Norge», får du bli betre kjent med Bruaset.

Oddgeir Bruaset og tv-teamet

Mannen bak serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, Oddgeir Bruaset, likar å vere anonym. Men i kveld kan du bli betre kjent med han.

Foto: Kristin Støylen

Oddgeir Bruaset er programskaparen som helst likar seg bak kamera og sjeldan er å sjå i tv-ruta når han er ute og besøker folk som bur på dei mest avsidesliggande stadane i Utkant-Noreg. Han vil ikkje spele hovudrolla slik som mange andre av dagens programleiarar. Men i denne dokumentarfilmen er det programskaparen som er i fokus.

I tre år har kollega Pål Kristian Lindseth følgt Bruaset på reisene hans. Programmet har fått tittelen «Mannen som oppdaga Norge»

– Det tok litt tid før Oddgeir vart vand med at vi filma han. Vi var nok eit forstyrrande element dei første turane, men etter kvart fekk vi ein god tone. I filmen får vi sjå ein Oddgeir som ikkje så mange kjenner, seier Lindseth.

Oddgeir Bruaset

Inspirert av fjellgardane

Då journalist Oddgeir Bruaset midt på 80-talet høyrde historiene om korleis folk på fjellgardane i Storfjorden levde, bestemte han seg for å lage program om livet der.

Gjennom dette arbeidet vart han så fengsla av stoffet at han ikkje klarte å gi slepp på det. I 1994 lagde han programmet om Knut Årsetøy som budde einsam på ein holme i Austefjorden i Volda. Responsen frå tv-sjåarane var enorm og då fekk Bruaset ein idé.

– Skal tru om det er mange slike menneske der ute, som lever eit heilt annleis liv. Det må i så fall vere godt fjernsyn å fortelje om desse, mimrar Oddgeir Bruaset.

Der ingen skulle tru

Og slik starta Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Serien har gått i 12 sesongar. Her har Oddgeir Bruaset møtt folk som bur langt utanfor allfarveg på vêrharde havskjer til tronge dalar og stupbratte fjellhyller. Fellesnemnaren er draumen om eit lukkelegare og mindre stressfylt liv. Til saman har programma blitt sett av over 48 millionar sjåarar. Også utanlands er interessa for serien stor.

Romantisk

Oddgeir Bruaset sjølv bur langt meir urbant enn dei han møter i serien. I utkanten av eit byggefelt i Spjelkavika i Ålesund, bur han saman med kona Olaug. Dei fire borna har for lengst flytta ut av reiret. Bruaset er vaksen opp i Måndalen i Rauma, og her ligg kanskje litt av forklaring på fascinasjonen for utkant-Noreg. I feriane fekk han vere med på høyslåtten på gamalt vis hos ein onkel som dreiv eit småbruk utan motoriserte hjelpemiddel.

– Eg er nok litt nostalgisk og romantisk av natur. Eg ser tilbake med eit idylliserande bilete av barneåra, seier Bruaset.

Han synest det gamle bondesamfunnet hadde mange verdiar som samfunnet burde ha tatt betre vare på.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er opp gjennom åra sett av 48 millionar tv-sjåarar.

Foto: NRK

Mykje borte frå kona

Over 700 reisedøgn har det blitt for programskaparen og han har sett meir av landet vårt enn dei aller fleste. Det betyr også at han er mykje borte frå familien.

– Det er eit tviegga sverd. Ho som er att heime vert mykje for seg sjølv og det gir meg dårleg samvit, sjølv om ho seier at ho klarer seg godt, seier Bruaset.

Han har knytt varige band til mange av dei han har besøkt.

Livet og døden

Bruaset har ikkje vore redd for å ta opp dei store spørsmåla i livet. Han har fortalt historiene om kjærleik, døden og einsemd og har fått folk til å opne seg framfor kamera. Fotograf Brede Røsjø fortel at det ikkje er uvanleg at heile teamet har tårer i auga under opptaka. Bruaset får ofte tilbakemelding frå sjåarane om at dei likar programma fordi dette er ekte menneske som er seg sjølve.

– Dei fortel om livet dei lever utan å spjåke seg til. Dei spelar inga rolle. Dette er ekte menneske av kjøt og blod, seier Bruaset.

Til å stole på

Mange av dei han har intervjua var slett ikkje sikre på om dei ville stille opp, men valde å stole på den trygge historieforteljaren. Geirr Vetti, vart så begeistra over Bruaset at han sa ja til å vere med, sjølv om han først hadde bestemt seg for å late det vere. Han er busett på ein fjellhyllegard i Luster i Sogn og Fjordane.

– Eg fall for filosofien hans og ideane. Han er genuint interessert i folka han jobbar med og viser så stor respekt, seier Vetti. Han trur Bruaset er ein spesiell journalist.

Travel pensjonist

Hausten 2014 vart dei aller siste intervjua i Der ingen skulle tru-sreien spelt inn og programskaparen har blitt pensjonist. Dagene er likevel fulle av bokskriving og foredrag.

– Den einaste forskjelen er at eg no kan sove lengre om morgonen. Eg er eit B-menneske, kan Bruaset røpe.

I kveld skal han sjå dokumentaren om seg sjølv, men kjem på at han har gløymt å varsle borna sine om når programmet skal på lufta.

– Eg likar ikkje å vere sjølvopptatt, ler Bruaset.

Oddgeir Bruaset er mannen som har fått heile landet til å benke seg framfor tv-skjermen for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Noreg.
Oddgeir Bruaset er mannen som har fått heile landet til å benke seg framfor tv-skjermen for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Noreg.
Oddgeir Bruaset er mannen som har fått heile landet til å benke seg framfor tv-skjermen for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Noreg.