Mette og Arnfinn Roland i Dønnesfjord på Sørøya.

KJÆRLEIK: Paret har store draumar under vanskelege forhold.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Grøn draum i karrig jord

Paret har ein djerv hundreårsplan: Å gjere ei lita fjordbygd ved Nordishavet grøn att. I eit arktisk klima blir det ikkje enkelt.

720 skjøre egg må over eit 13 kilometer langt og brutalt vinterfjell på Sørøya i Finnmark.

Snart skal Mette og Arnfinn Roland balansere snøskuteren forbi djupe søkk.

Mette Roland gjerr egg klare til transport, Sørøya

Før turen må Mette stable brett på brett med egg.

Klar for eggtransport frå Dønnesfjord på Sørøya

Egg og uvêr er ein dårleg kombinasjon, så dei må pakkast godt.

Arnfinn og Mette Roland køyrer skuter over fjellet for å levere egg.

Og utan snøskuter får ikkje bygda egga sine.

Vêret spelar ikkje på lag.

Fotograf: Torje Bjellaas/NRK

Både kulingen og snøen kjem sidelengs. Mette og Arnfinn passerer ein vêrradar midt på fjellet, den som måler det mest ekstreme vêret Noreg har å by på.

Kvar laurdag tek dei den same turen frå Dønnesfjord til bygdene Hasvik og Breivikbotn. Dei har kundar som har bestilt egg, og Mette og Arnfinn likar ikkje å skuffe kundane sine.

Utanfor øya ligg ingenting forutan det iskalde Norskehavet. Her har dei to og sonen Tor-Vegard bestemt seg for å bu og drive gard.

Fjellet gjer dei heilt avhengige av snøskuter om vinteren. Om sommaren, når snøen er vekke, kan dei køyre bil på den smale, bratte grusvegen. Ned den siste kilometeren til garden må dei laste om til ein firhjuling.

Grønt skifte

Mette og Arnfinn lever her med ein draum og ein plan: Dønnesfjord skal bli grøn og grøderik igjen. Alt som er lyng, kratt og mose i dag, skal gjerast til dyrkbar jord.

Før dei kom hit i 2019, låg jorda ubrukt og gjengrodd i fleire tiår. Dei tok prøvar av jorda for å sjå korleis det stod til.

– Det var forferdeleg fattige greier. Jorda var sur, og ikkje ein einaste meitemakk var å sjå, seier Arnfinn Roland.

Utgangspunktet var altså krevjande, og ekstra krevjande fordi metoden er uvanleg, nesten uprøvd så langt nord. Metoden heiter regenerativt landbruk.

– Viss me hadde gjort dette sør om Trondheim, hadde det vore ganske føreseieleg korleis jorda svarer når du gjer det eine eller det andre.

Slik er det ikkje i eit arktisk klima, 70 grader nord.

Kopier referanse Mette Roland matar høner i Dønnesfjord på Sørøya.

Mette er glad for at Arnfinn og ho flytta til Dønnesfjord då dei gjorde det. – Skulle me nå det før me blei for gamle, måtte me gjere det no.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det viktigaste å vite om bønder som driv regenerativt er dette: Dei brukar ikkje plog, kunstgjødsel eller sprøytemiddel.

Plogen opnar opp jorda raskt og effektivt, men det kan også vere ei påkjenning for jorda. Etter generasjonar med pløying kan jorda bli tynna ut og mindre fruktbar.

Men plogen er skikkeleg bra til éin ting: å få vekk ugraset. Og det må vekk.

Utan plogen trengst difor andre gode hjelparar.

Ungarsk ullgris ryddar vekk lyng og mose på Sørøya i Finnmark

Først ut: Tre ungarske ullgrisar. Dei er ivrige etter arbeid og har ein sabla sterk snute.

Dei bryt opp lyng og mose, nesten som miniplogar.

Geiter beitar på Sørøya i Finnmark

Geitene beitar systematisk over dei same jordlappane.

Høner gjødslar på Sørøya i Finnmark, som ledd i regenerativt jordbruk

Og så må hønene i sving. Dei et først gras.

Så blir møka deira til verdifull gjødsel.

Fotograf: Torje Bjellaas/NRK

Resultatet er ei meir næringsrik og livgivande jord, eit første steg mot godt beitegras.

Det regenerative landbruket er rekna for å vere snillare mot jorda. Det handlar om å bygge ho opp – bokstavleg talt, lag på lag – i staden for å pløye ho opp.

Internasjonalt byrjar metoden å få feste, særleg fordi ei slik jord kan stå tøffare imot klimaendringane. I Noreg er det ikkje mange som driv regenerativt enno.

Hundreårsperspektivet

Mette og Arnfinn Roland tenker i lange linjer, 100 år fram i tid. Dét er lenge etter at dei er borte frå garden.

– Det skal vere meir igjen etter oss enn då me kom, seier Arnfinn.

Mette og Arnfinn Roland på Sørøya.

Mette og Arnfinn trefte kvarandre som tenåringar, i båt på Dønnesfjorden ein sommarkveld.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Før dei flytta til Dønnesfjord, handla det om selskapet dei starta og dreiv innan datatryggleik i Oslo. Det handla om dei tilsette og kundane og at selskapet vaks.

Jobbane var spennande innanfor eit fagfelt dei begge likte. Men:

– Me hadde alltid heimlengsel, me hadde det frå dag 1, seier Arnfinn.

Heimlengsel nordover, men dei tok det stegvis. Først berre ein time nord frå Oslo, til Romerike, midt i det Arnfinn kallar «raps- og korn-mekkaet».

Der blei interessa for jordbruk for alvor vekt.

– Det skjedde noko då me begynte å studere agronomi på eiga hand.

Arnfinn hugsar godt scenen som blei eit slags vendepunkt. Han gjekk tur med hunden, spaserte inn i ein kornåker og sette seg på kne. Han skulle finne ut kva som faktisk fanst i åkeren.

– Eg fann ikkje det eg håpte var der.

Han håpte på «jord og liv». Det han fann var «sand og ørken».

Det regenerative landbruket hadde dei allereie begynt å lese om. Skuffelsen i kornåkeren var det som gjorde at dei ville satse på denne metoden då dei flytta tilbake til Sørøya i 2019.

Blir det grønt?

Tor-Vegard Roland i Dønnesfjord på garden til foreldra.

Tor-Vegard Roland ville «bli meir nevenyttig». No er han ei viktig brikke i Dønnesfjord. – Me hadde ikkje klart det utan han, seier Arnfinn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Mette, Arnfinn og Tor-Vegard har jobba hardt i tre år, og det har dyra deira også.

Med hjelp av inngjerding rører grisane og hønene seg utover markene i Dønnesfjord, firkant for firkant. Mose, lyng og kratt blir til mørk mold, og så beitegras.

Målet å produsere mat til nokon. Dei sjølve til å begynne med, så kanskje fleire.

– Før eller sidan produserer me kanskje eit overskot, seier Arnfinn.

Men draumen er å få det grønt i Dønnesfjord. Kor bra går eigentleg det?

Ganske bra, meiner dei sjølve, etter berre tre av åra i hundreårsplanen.

Teikna ser dei allereie. Geitene kosar seg med gras på eit beite som berre var mold for nokre veker sidan – etter at grisane og hønene hadde «pløgd» og gjødsla ferdig – og mosejord før det.

Det som var sur jord og «forferdeleg fattige greier» har blitt grøderikt, og meitemakken er tilbake der han skal vere, i jorda.

– Dei er overalt, seier Arnfinn Roland.

Egg til øyfolket

Tilbake på snøskuteren over det røffe vinterfjellet.

Orkan i kasta og umogleg sikt gjer at Mette og Arnfinn av og til må snu når dei helst vil levere egg. Men denne laurdagen er det regnet og vinden som må gi opp.

– Å kjenne på naturkreftene er ein del av turen, seier Mette. Den lange ferda over fjellet til bygdene på Sørøya går bra, egga kjem fram, utan eit hakk, til ventande kundar.

Fremst i køen i Breivikbotn står Marta Gamst. Ho tar eitt brett med 30 «ekte sørøy-egg». Varetransporten over fjellet kallar ho «rett og slett galskap».

– Men dei er jo litt galne.

Gamst og dei to eggeprodusentane ler varmt i lag.

Folk er avhengige av folk, også her. Det veit Arnfinn å setje pris på.

– Eg er sikker på at me har kundar som er kundar fordi dei synest det me gjer, er kult.

Mette Roland leverer egg til kunde på Sørøya.

Mette Roland sel egg til Marta Gamst. Dei har framfor alt faste kundar, som møter dei etter den harde egg-transporten.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Er du nysgjerrig på livet til familien i Dønnesfjord? «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har fått følge dei over lengre tid. Her finn du episoden med dei i NRK TV.

Hei!

Takk for at du las heilt hit. Og når eg først har deg her: Me som jobbar med «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», er alltid på leit etter dei som bur veglaust eller langt frå folk. Kjenner du nokon, blir me glade for ei melding!