Hopp til innhold

– Arbeidet blant barna i slummen sette norske utfordringar i perspektiv

Han er på sin første skuledebatt. Med stigande meiningsmålingar, har merksemda brått dreia mot Miljøpartiet de Grønne. Med høg klar stemme tek 20 år gamle Styrk Finnøy sats.

Styrk Finnøy

Styrk Finnøy er sjølv overraska over at han har ein sjanse til å kome på Stortinget. Det vil i så fall vere ei fantastisk moglegheit til å sende utviklinga i den retninga eg ønskjer, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

Han kallar Stortingsvalet 2013 for eit historisk val. Miljøpartiet de Grønne kan vere på veg inn på Stortinget. Han vil berge kloden som med dagens miljøpolitikk «gallopperer inn i undergangen», seier han.

Det går ei grøn bølgje over Europa. No kjem Noreg etter.

Styrk Finnøy

Vi vil bygge ned forbrukarsamfunnet. Vi skal erstatte det med eit berekraftig samfunn. Det går ei grøn bølgje over Europa. No kjem Noreg etter, seier han.

Det var skoledebatt. Meningsmålingene har brakt Miljøpartiet de Grønne oppover på statistikkene, og plutselig er Finnøy i en situasjon der han kan havne på Stortinget.

Her debuterer Styrk Finnøy som debattant i valkampen. Dette skjedde under ein skuledebatt i Ålesund.

– Eg fekk fram det viktige

Om han snakkar høgt og truverdig under opningsinnleiinga, overlet han manesjen til dei andre ungdomspartia under debatten. Mens representantane til både Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet debatterer så fillene fyk, er Styrk Finnøy taus. Dette var debuten hans som debattant.

Tilhøva i slummen i Argentina gav meg eit perspektiv på problema som vestlege land slit med.

Styrk Finnøy

– Eg var kanskje litt nervøs. Men eg trur ikkje det er arbeidsgjevaravgift og hol i vegane som blir den store politiske saka som står blir ståande att etter valet i 2013. Eg fekk fram det viktige. Vi skal opp av oljegrøfta og inn i ei berekraftig framtid, seier han.

Styrk Finnøy

Etter skuledebatten ville media ha tak i Styrk Finnøy. Meiningsmålingane har fått media til å interessere seg for dette partiet.

Foto: Terje Reite / NRK

– Positivt overraska

Sjølv om han slett ikkje var den som dominerte skuledebatten, er det Styrk Finnøy media vil ha tak i straks debatten er slutt. Også det er ein litt uvant situasjon. Men han taklar det.

Pelsdyrnæringa skal avviklast. Dyr har eit behov for å kjenne jord under beina og få sollys i augene.

Styrk Finnøy

Dette blei ein litt spesiell dag, og eg er positivt overraska. Ei stund var vi glade over å få eit oppslag i ny og ne. Dei siste vekene har det vore mange spørsmål frå media, konstaterer han fornøgd.

Det har kanskje til og med hopa seg opp. Eigentleg kunne han ha vore med på fleire skuledebattar denne dagen. Men han må prioritere. Han har ein avtale med lokalavisa Øyblikk i Giske. Styrk Finnøy har vakse opp på Flisneset i Ålesund, men bur på Vigra i Giske når han er heime på Sunnmøre.

Styrk Finnøy

Styrk Finnøy blir intervjua av redaktøren i lokalavisa i heimkommunen Giske. Media viser aukande interesse for Miljøpartiet de Grønne. Problemet med dette intervjuet var berre at lokalavisa gjekk konkurs dagen etter intervjuet. Intervjuet kom aldri på trykk.

Foto: Terje Reite / NRK

– Trudde ikkje det skulle bli så stort

Styrk Finnøy set seg på ein stol på redaktørkontoret i Øyblikk. Redaktøren spør og noterer flittig. Han vil ha detaljane om kva som er dei prioriterte sakene i miljøpolitikken som no blir fronta av ein ung politikar som er busett midt i dekningsområdet for lokalavisa. Interessa kring Finnøy har ikkje blitt mindre etter at det blei klart at Miljøpartiet de Grøne kan nærme seg sperregrensa for utjamningsmandat.

Det er først dei siste vekene at vi har sett at dette verkeleg kan gå over all forventning. Vi begynte i det små før årsskiftet. Vi hadde nokre møte og lista blei sett opp. Eg syntes dette såg svært spennande ut, og sa ja til å stå på toppen av lista, fortel han.

– Ikkje stått på stand enno

Styrk Finnøy tek så langt ikkje så veldig mykje ære for den auka oppslutnaden. Sjølv har han ikkje kome i gang med å stå på stand og dele ut brosjyrar til potensielle veljarar. Han medgir at det er innsatsen frå partiet sentralt, med partileiar Rasmus Hansson som har fått partiet opp og fram.

Nei, eg har ikkje stått på stand enno. Det er nok innsatsen spesielt til Rasmus Hansson som har ført oss oppover. Han er flink, og har appellert til folk over heile landet. Men no er eg i gang med skuledebattane, og eg må nok prioritere å nå fram til førstegangsveljarane gjennom desse samlingane.

Miljøpartiet de Grønne rår nok ikkje over like mykje ressursar som andre parti som har eit velsmurt valkampapparat.

Vi har lokalavdeling i Ørsta/Volda og i Ålesund. Og vi skal få samla desse når vi har kome litt betre i gang med skuledebattane, seier Finnøy.

Finnøy Argentina
Foto: Privat

Jobba som frivillig i slummen

Arbeid flant fattige i Argentina var med på å peike ut den politiske kursen for Styrk Finnøy. På Internettet fann Styrk Finnøy den danske organisasjonen Mellomfolkeligt Samvirke. Organisasjonen vil bekjempe fattigdom i verda, og har sett i gang hjelpearbeid blant dei aller fattigaste. Særleg kvinner og unge høyrer med til målgruppa til organisasjonen. Styrk Finnøy deltok i arbeidet i slummen i den argentinske byen Cordoba.

Eg jobba som frivillig i slummen blant barn i Cordoba. Dette gav meg eit perspektiv på utfordringane som land som Noreg slit med, seier Finnøy.

I slummen arbeidde han som frivillig, og mesteparten av tida gjekk med på å gje barn skulegang.

Vi lærte dei grunnleggjande matematikk, dei fekk lære å skrive og lese og dei fekk kunnskap om geografi, fortel han.

Såg følgjene av urettferdig fordeling

I slummen fekk Styrk Finnøy sjå følgjene av det han oppfattar som ei urettferdig fordeling av ressursane i verda og følgjene av miljøøydeleggingane.

Eg fekk sjå det store biletet. Eg fekk sjå samanhengane. Og eg fekk sjå kor lite leveleg det eigentleg er i desse byane, seier han.

Då han kom heim til Noreg heldt han fram arbeidet med miljøsaka. Denne gongen valde han å bruke kreftene sine i organisasjonen Greenpeace.

Her fekk eg engasjere meg i eit arbeidsmiljø som mellom anna var opptekne av å ikkje la dei store oljeselskapa bestemme politikken. I staden er det samfunnet som skal bestemme korleis ressursane skal brukast, fortel han.

– Pelsdyrnæringa må avviklast

Det er saka om velferd for dyr som ligg Styrk Finnøy sitt hjarte aller nærast. Der er engasjementet hans ekstra stort og han meiner at lover og reglar ikkje blir fulgde.

Dyr har eit behov for å kjenne jord under beina og få sollys i augene. Dei treng også eit for som er tilpassa evolusjonen Og pelsdyrnæringa er ei næring som skal avviklast, seier han engasjert.

– Har du vore med på aksjonar mot pelsdyrnæringa?

– Nei, eg har ikkje vore direkte med i dei aksjonane, nei, seier han.

– Men kva er det som får fram eit slikt sterkt engasjemnt hjå deg, når det gjeld dyrevelferd?

– Vel, eg trur eg er ein ganske empatisk person. Eg klarer å leve meg inn i situasjonen både for folk og for dyr. Dyrevelferd er nedfelt i lovverket, og det står mykje i lovene som ikkje blir fulgt.

Byggjer på eigne erfaringar

Styrk Finnøy fortel at han som oftast tek standpunkt og engasjerer seg på heilt sjølvstendig grunnlag. For han betyr det ikkje så veldig mykje kva fleirtalet meiner. Han prøver å danne seg meiningar ut frå det han ser på som fornuft og ut frå kva han kan hente frå vitskapen.

Eg reiste til Argentina heilt på eiga hand. Og det politiske engasjementet har eg også fått ut frå eigne vurderingar av korleis samfunnet fungerer.

Levde av det han fann i naturen

I sommar drog han også ut på ekspedisjon langs norskekysten, heilt på eiga hand. Han ville finne ut om det var mogleg å sykle frå Ålesund til Bergen, utan å kjøpe noko som helst å ete. Dette var heilt i byrjinga av valkampen, då ingen i media klarte å få tak i han.

Eg sykla til Bergen og heim, og åt berre det eg fann i naturen. Då gjekk det aller mest i fisk. Det blei mykje sei og lyr. Men i naturen veks det også mykje grønsaker vilt. Så dette levde eg på i desse vekene, smilar han.

Og ein sykkeltur tur retur Ålesund - Bergen er slett ikkje noko uoverkomeleg oppgåve for Styrk Finnøy. For mykje av fritida hans går med til trening. Då er det klatring, styrke og kondisjonstrening som står høgast i kurs.

Eg har sjølvsagt spelt ein del fotball også, men det slutta eg vel med då eg gjekk ut av ungdomsskulen.

– Oljeøkonomi er ikkje berekraftig

Styrk Finnøy pratar meir enn gjerne om oljeverksemda, som han meiner må fasast ut. I programmet står det at dei norske gasskraftverka skal avviklast, og på sikt skal norsk oljeindustri leggast ned.

Den oljefyrte økonomien er ikkje berekraftig. Og vi gjer oss sjølve ei bjørneteneste om vi held fram med å basere oss på oljen, seier han.

– Men vil de ikkje sende oss rett attende til steinalderen om vi kuttar ut oljeverksemda?

Nei, det skjer sjølvsagt over tid. Og vi skal sjølvsagt bruke av oljefondet. Vi skal satse på forsking og samfunnet skal utviklast og omstillast. Det som er heilt klart er at forbruket må ned, seier han og legg til at det er direkte uansvarleg om vi ikkje tek behovet for denne omstillinga inn over oss.

Eit av hovudpunkta i programmet til Miljøpartiet de Grønne handlar om å gje folk ein giftfri kvardag. Partiet vil skjerpe arbeidet mot forureining. Samstundes vil partiet innføre ein meir liberal narkotikapolitikk.

Er ikkje dette inkosekvent? Er det ikkje like viktig å verne folk frå narkotiske gifter?

Vi vil ha ein meir liberal narkotikapolitikk. Vi ønskjer ikkje å kriminalisere dei som nyttar lette narkotiske stoff og berre har til eige forbruk. Vi trur ikkje narkotikaproblemet aukar med dette.

Men de løyser vel ikkje eit narkotikaproblem ved å gjere eit slikt rusmiddel lettare tilgjengeleg?

Vi trur ikkje vårt opplegg vil gjere narkotika lettare tilgjengeleg. Vi skal ha offentleg kontroll over salet. Slik det fungerer i dag, går folk lettare over til sterkare stoff og dei hamnar i ei kriminell løpebane. Dette må vi ha slutt på, seier stortingskandidaten.

Miljøpartiet de Grønne kan bli den store overraskinga ved dette valet. Mange vil nok bli svært overraska om Styrk Finnøy kjem inn på Stortinget. Men oppslutnaden på meiningsmålingane har gjort at Miljøpartiet de Grønne har blitt ei stemme som mange vel å ta omsyn til i denne valkampen.

Det har kome overraskande også på meg. Men det ville vere heilt fantastisk om eg blei vald inn på Stortinget. Det ville gje oss ei moglegheit til å vinkle utviklinga i ei ønskjeleg retning, seier han.

Kva slags feiring blir det om du blir ein del av Mørebenken?

– Hah, nei DET er jammen ikkje godt å vite. Men eg må jo i alle fall feire om DET skulle bli ein realitet. Kanskje eg stikk på fjellet, eller kansje eg feirer saman med vener. Kven veit, seier Styrk Finnøy, som i løpet av få veker har blitt ein av kandidatane som har sjanse til å kome på Stortinget.