Hopp til innhold

Listetopp tok ferie midt i valkampen

Listetoppen til miljøpartiet De Grønne i Møre og Romsdal, Styrk Finnøy, tok ferie og har vore umuleg å få tak i. Partileiinga i Oslo beklagar at han ikkje har vore tilgjengeleg i valkampen.

Styrk Finnøy
Foto: Trond Vestre / NRK

21-åringen Styrk Finnøy frå Giske toppar lista for Miljøpartiet De Grønne i fylket, men har tatt ferie midt i valkampen. NRK Møre og Romsdal har dei siste dagane fånyttes forsøkt å få tak i mannen, både via e-post og telefon, men utan å lukkast.

– Ferie er noko dei fleste tar, seier 2.-kandidat Silje-Marie Alnes til NRK Møre og Romsdal onsdag ettermiddag.

Beklagar saka

Sindre Buchanan

Kommunikasjonsrådgjevar Sindre Buchanan beklagar at listetoppen i Møre og Romsdal har vore så vanskeleg å få tak i.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

Kommunikasjonsrådgjevar Sindre Buchanan beklagar at listetoppen i Møre og Romsdal har vore så vanskeleg å få tak i.

– Eg beklagar at han har vore utilgjengeleg og dei misforståingane som har oppstått, slik skal det sjølvsagt ikkje vere, seier Buchanan. Han hevdar samstundes at Finnøy har vore tilgjengeleg, men at han har fått nytt mobilnummer.

Men kvifor svarar han ikkje på e-post?

– Det kjem nok også av mobilbyttet.

– Men kan han ikkje lese e-post på den nye mobiltelefonen sin?

– Det kjenner eg ikkje til, seier Buchanan.

Straks klar for valkamp

Silje-Marie Alnes

2.-kandidat Silje-Marie Alnes seier ferie er noko dei fleste tek.

Foto: privat

Onsdag ettermiddag var Finnøy tilfeldigvis innom kontoret til Miljøpartiet De Grønne då NRK Møre og Romsdal ringde, og Buchanan bedyrar at listetoppen no er tilgjengeleg. Det skjer få minutt etter at 2.-kandidat Silje-Marie Alnes har opplyst at vi ikkje kan få snakke med han før dagen etter.

– Han kan ikkje snakke med deg no, men ringjer i morgon, seier Alnes.

– Men kvifor kan han ikkje no?

– Det sa han ingenting om, seier ho.

– Overraskande og oppsiktsvekkjande

Trond Vestre

Valkommentator Trond Vestre meiner det er oppsiktsvekkjande at listetopp Styrk Finnøy har reist på ferie i valkampen.

Foto: NRK

NRK Møre og Romsdal sin valkommentator Trond Vestre meiner politikarar som ferierer i valkampen har misforstått oppdraget.

– Det å gjere seg utilgjengeleg er overraskande og oppsiktsvekkjande, seier Vestre. Han forsøkte fredag for to veker sidan å få laga ein reportasje med Finnøy, men fekk avslag frå listetoppen på ferie.

Redaksjonen har også forsøkt å nå Finnøy via e-post og telefon, for å invitere han til valnatta, men utan å få svar.

Meiner ferie ikkje høyrer heime no

Vestre meiner det burde vere uaktuelt for ein listetopp å ta ferie i valkampen. Han kjøper ikkje argumentasjonen til 2.-kandidaten Silje-Marie Alnes om at ferie er noko dei fleste tek.

– Nei, det er ikkje lov for ein politikar å ta ferie i valkampen. Då er du forplikta i forhold til det partiet du representerer til å vere tilgjengeleg mellom anna for media, seier Vestre. Han etterlyser meir informasjon om kva partiet står for.

Vore på sykkeltur

Onsdag ettermiddag tek Finnøy endeleg kontakt med redaksjonen til NRK Møre og Romsdal, etter å ha vore innom hovudkontoret i Oslo. No beklagar han det som har skjedd, og seier han straks er klar til valkampen.

– Eg har veldig mykje å gjere. Og så har eg fått nytt mobilnummer. Då eg bad om å få kome tilbake først i morgon var det fordi eg ikkje visste kva intervjuet skulle handle om, seier han. Han seier han har vore på ei lengre sykkelreise, og heller ikkje har hatt tid til å lese e-posten han har fått.

Kan kome inn på Stortinget

Miljøpartiet De Grønne har hatt ein overraskande god framgang på dei siste meiningsmålingane, og kan ha sjanse til å få inn ni mandat på Stortinget. Finnøy seier han har blitt tatt litt på senga.

– Eg har nettopp fått vite at vi har ein ganske god sjanse til å komme inn frå Møre og Romsdal, så no er vi klar. Dette er heilt fantastisk, og eg var ikkje førebudd på situasjonen.

Fleire intervju på rappen

No blir kontaktinformasjonen på nettsidene til Miljøpartiet De Grønne oppdatert. Og når Styrk Finnøy er tilbake i Ålesund mot slutten av veka har han allereie booka inn intervjuavtalar både med NRK Møre og Romsdal, Sunnmørsposten og Øy-blikk.

– Det er berre å beklage. Poenget er at eg i alle fall no er veldig tilgjengeleg, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL