Hopp til innhold

Lagar utstilling om det aller første skriket

Nyfødde babyar som tek sitt aller første livgjevande skrik er i fokus på utstillinga til fotograf Eva Rose Furmyr frå Herøy. Ho har spesialisert seg på å ta bilde av dei aller mest intense og intime augneblikka i livet.

Fotograf på fødestua

Ein liten gut tek sitt aller første skrik, og fotograf Eva Rose Furmyr sørgar for at det blir festa til filmen.

Foto: Eva Rose Furmyr

Ho er langt frå jordmor, men Eva Rose Furmyr frå Fosnavågen i Herøy er vand med spedbarnsgråt. For dei siste åra har ho spesialisert seg som fødselsfotograf. No opnar ho utstilling i Oslo.

– Eg elskar denne jobben. Eg får eit slikt kick av å fotografere fødslar. Kvar gong telefonen ringjer byrjar hjartet å hamre, då veit eg kva som ventar meg, seier den profesjonelle fotografen.

Les også:

Har fotografert 36 fødslar

Eva Rose Furmyr
Foto: Eva Rose Furmyr

Eva Rose Furmyr har ikkje sjølv født, men har likevel vore til stades på 36 fødslar dei siste 16 åra.

– Denne augneblinken når ungen kjem ut, er heilt fantastisk. Det å vere med frå starten, sjå korleis kvinnene strevar for å kome seg gjennom alle smertene, mot belønninga på slutten. Det er verdt alt! seier ho.

Alt starta då ho var 8 år gamal

Fotografen kjem opphavleg frå Fosnavågen i Herøy. Ho seier alt starta då ho som åtteåring fekk oppleve å vere med på heimefødselen av den yngre systera, heime på Remøya. Det tende gnisten i henne.

Ho meiner barnefaren bør vere opptatt av heilt andre ting enn fotografering.

– Eg meiner han skal ha fokus på kona si under fødselen. Han skal stå hos henne og passe på at ho har det bra. Men damene vil jo ha bilete av dette, og så blir dei jo gjerne litt betre når eg tek dei, seier ho.

Meiner ho hjelper til under fødselen

Fødselsfotografen avviser at det er ekkelt for dei framtidige foreldra å ha ein framand hos seg under fødselen.

– Ikkje i det heile tatt. Utan tvil har alle syns det har vore kjekt at eg har vore der. Eg har også hjelpt til under fødselen, eg kan jo ganske mykje om fødslar no, og har vore ei slags tryggleik, seier ho.

Ho meiner det er såpass mange jordmødrer og legar som går inn og ut under ein fødsel at eit ansikt til eller frå ikkje spelar nokon rolle.

Les også:

Men ikkje aller opnar dørene

Fotograf på føden

Ei mor huskar gjerne dei aller første minutta for alltid. Likevel vil stadig fleire ha ein profesjonell fotograf til å forevige hendinga.

Foto: Eva Rose Furmyr

Sjølv om fotografen frå Herøy har fått sleppt inn og vore med på 36 fødslar, er det ikkje alle som likar å ha henne der. Fleire sjukehus nektar å ha med profesjonelle fotografar. Det forstår ho ikkje.

– Enkelte sjukehus har restriksjonar. Eg veit ikkje heilt kvifor, eg har forsøkt å forstå det. Og enkelte fødslar, som keisarsnitt, kan jo vere meir kompliserte, det kan kanskje ha noko med det å gjere. Men eg elskar keisarsnitt, det er så fascinerande å sjå når dei dreg opp ungen, ler ho.

Har ambisjonar om å lære opp fleire fotografar

Fødselsfotografen må seie nei til mange oppdrag, fordi det tek for mykje ho. Ho seier ho er i beredskap i rundt ein månad ved kvar fødsel, og det betyr at ho må vere klar til å rykke ut. Difor blir dei fleste oppdraga i Oslo, der ho bur.

– Det blir jo litt vanskeleg å sitje i Tromsø to veker før termin, og to veker etter, og berre vente, så då må eg seie nei. Det er litt trist, men eg har ein ambisjon om å lære opp fleire, seier ho.

Les også:

Vil gjerne til heimlege trakter

Utsillinga er i Oslo Rådhus, men ho ser ikkje bort frå at ho også kjem til Ålesund og Herøy med dei unike bileta sine.

– Eg har lyst å vise utstillinga for flest mogleg. Eg er jo ganske stolt at dette, og så har bilete som rører noko med dei aller fleste, seier Eva Rose Furmyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL