Hopp til innhold

Inviterer fotografen inn på fødestova

– Dei fleste tenker på fødsel som noko litt grotesk å ha bilete av, seier fotograf. Likevel vel stadig fleire å lata seg fotografera under fødselen.

– Eg er veldig glad i desse bileta, dei er varige minne. Eg trur nok kanskje ikkje at pappaen hadde vore like flink til å ta bilete i slike situasjonar, ler Christine Skou.

Derfor valde ho å hyra inn profesjonell fotograf då vesle Celine (no 18 veker) kom til verda via keisarsnitt.

– Bileta er litt spesielle, men dei er også heilt unike, seier Christine Skou.

Trend frå USA

Profesjonell fødselsfotografering blir meir populært i USA, skriv New York Times.

Avisa fortel om ein fotograf frå Texas som vart bomardert med ønske frå vordande mødrer som ønska bilete frå fødselen.

Det var starten for "International Association of Professional Birth Photographers" - ei gruppe fotografar som tek bilete under fødselen. Gruppa har no rundt 400 medlemmer.

Større pågang

Eva Rose Furmyr

Fotograf Eva Rose Furmyr har teke bilete av rundt 30 fødslar.

Foto: Eva Rose Furmyr

Eva Rose Furmyr håpar trenden brer om seg. Ho er profesjonell fotograf og har teke bilete av rundt 30 fødslar. Planen er etterkvart å stilla dei ut.

– Dei fleste tenker på fødsel som litt grotesk å ha bilete av. Men når ein får med heile utviklinga, der babyen til slutt blir lagt på brystet til mor, då er det spesielt, seier ho.

Det siste halve året har ho merka større pågang frå folk som vil at ho skal ta bilete frå fødselen. Det same har kollega, fotograf Trine Bjervig, som sjølv har teke bilete under to fødslar.

– Fleire ringer og spør no enn før. Fødselsfotografering er alt stort i USA, kanskje kan det bli større i Noreg, seier Bjervig.

Fotograferte 30 timars fødsel

Å vera fotograf under ein fødsel er krevjande

– Eg er på vakt to veker før og to veker etter termin. Eg må alltid ha kamera og bil tilgjengeleg. Det er slitsamt, men når det først skjer er det gøy, seier Furmyr, som ein gong var med på ein fødsel i 30 timar.

Fotograf Trine Bjervig vil helst ta bilete av kvinner som har vore gjennom fødsel tidlegare.

– Fødslane eg tok bilete av, var begge med førstgongsfødande, og det oppstod komplikasjonar undervegs. Då var det tøft å stå der å skulle ta bilete. Ein trur ein kan stå bak kamera og vera sterk, men eg merka at tårene trengte seg på, seier Bjervig.

Fryktar kjøpepress

Men ikkje alle er begeistra for fødselsfotografering.

– Familie og sambuar må gjerne ta bilde, men eg vil ikkje ha framande folk inn i fødestova. Ein fødsel er veldig privat, seier gravide Therese Winsberger.

Ho får støtte av Marie Svedberg, leiar ved Jordmorsenteret i Oslo.

– Det høyres veldig unaturleg ut, å ha med framande menneske på ein slik privat seanse, seier Svedberg, som er skeptisk til trenden, og fryktar den vil skapa kjøpepress blant foreldre.

– Foreldre er ei sårbar gruppe, dei vil ofte ha alt det nye, det alle andre vil ha. Det er viktig å skape trygge foreldre, seier Marie Svedberg.

Høyr radioreportasje om fødselsfotografering her:

Ville du hatt med fotograf under fødselen? Sei di meining her!

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.