Martinius Øvrebø

Det er svært få i landet som blir far så tidleg som Martinius Øvrebø. Han var ikkje fylt 18 år då han vart pappa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Martins pappa er 18 år

Dei fleste norske menn er godt vaksne før dei blir fedre. Martinius Øvrebø fekk plutseleg eit stort ansvar han ikkje hadde sett for seg.

Det er måndag og skuledagen er over for elevane ved Volda vidaregåande skule. Ut frå alle klasserom strøymer det ungdomar som har det travelt med å kome seg heim. Martinius Øvrebø (18) har krasja bilen sin og køyrer difor pappabil i dag, den halvtimes lange vegen heim til Ulsteinvik. Medan klassekompisane kanskje har planar om å trene, gjere lekser eller game, skal Martinius besøke ein heilt spesiell person som kom inn i livet hans for åtte månader sidan.

– Det var eit sjokk å få vite at eg skulle bli pappa og sitte med eit så stort ansvar resten av livet, fortel Martinius.

Han og barnemora Mia (18) hadde berre eit kort forhold, som tok slutt før dei oppdaga at dei likevel er knytt saman for alltid.

Martinius hadde aldri i sin villaste fantasi sett for seg at han skulle få ein slik beskjed ein laurdag kveld etter deltidsjobben på Åsen bil-demontering.

– Det einaste ordet eg klarte å seie var «hæ», ler Martinius.

Martinius Øvrebø

På guterommet står Martins grindseng klar. Pappa Martinius har alt barneutstyr han treng heime hos foreldra sine.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Turte ikkje seie det

Den høge sunnmøringen med hettegenser, piercing og tatoveringar var livredd for kva foreldra ville seie. Så redd var han for reaksjonane han ville få, at han aldri turte å fortelje at dei skulle bli besteforeldre.To dagar før termin var det mora til ekskjærasten som ringde og gav faren til Martinius beskjed om babyen som var i vente.

Martinius ØVrebø

Martinius går 3. klasse på Volda vidaregåande skule. Draumen er å bli speldesignar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– I dag angrar eg på at eg ikkje fortalde det tidlegare. Då kunne foreldra mine også fått tid til å førebu seg, seier Martinius.

LES OGSÅ:

Nervøs for fødselen

Søndag 5. januar, nokre dagar på overtid var fødselen i gang. Ein nervøs Martinius møtte opp på Volda sjukehus med mamma Lena som sjåfør. Det vart ei heilt spesiell oppleving, som han ikkje hadde budd seg på. Timane gjekk og 17-åringen følte seg hjelpelaus, fordi han ikkje kunne bidra med så mykje. Trøystande ord var det han kunne kome på. Jordmødrene åtvara den unge guten om at det kunne hagle nokre ukvemsord frå den fødande når det stod på som verst. Martinius vart overraska over at orda nærast uteblei. Etter 15 timar kom vesle Martin. Tre veker før Martinius sjølv fylte 18 år, var han pappa.

Martinius Øvrebø

Martinius gler seg alltid til å sjå smilet til babyen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg klarte ikkje slutte å smile. Eg berre gliste då eg fekk halde han for første gong. Det kom sikkert nokre tårer også, fortel Martinius.

Få blir fedre tidlig

Dagens førstegongsfedre er godt vaksne, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Gjennomsnittsalderen for menn som blir fedre for første gong var 31,3 år i 2013. Berre 23 menn var 17 år slik som Martinius. Til samanlikning vart 120 17 år gamle kvinner mødrer.

Helsesøster Elisabeth Strand Slettestøl i Herøy kommune på Sunnmøre opplever frå tid til anna at svært unge menn blir fedre.

– Gjennom alle tider har det vore slik at nokre vert foreldre i ung alder, sjølv om det ikkje er det vanlege i dagens samfunn, seier Strand Slettestøl.

Ho seier at det er stor forskjell på å verte far tidleg og vere vaksen når det skjer. Som regel er ikkje svangerskapet hos dei yngste planlagt og det er ikkje alltid dei to kjenner kvarandre så godt. Mange vel å bu kvar for seg hos sine foreldre.

Har ikkje starta vaksenlivet

– Å verte foreldre i ung alder betyr at dei ikkje er komne i gang med vaksenlivet. Det er ikkje sikkert dei i starten forstår det store ansvaret dei har for å få barnet opp og fram i livet, seier Strand Slettestøl.

Ho trur dei unge mennene tenkjer ein del på det økonomiske ansvaret. Etter kvart oppdagar dei at det å bli far inneber så mykje meir.

– Dessverre trur eg at det i ein del tilfelle skjer at den unge faren glir unna, og har lite kontakt med barnet, seier Strand Slettestøl. Ho seier at dette sjølvsagt varierer og at det er påverka av kva støtte dei har frå sin eigen familie.

Bur kvar for seg

Statistikken viser at dei fleste unge fedre under 20 år ikkje bur saman med barnemora. På Familievernkontoret i Ålesund får unge foreldre som ikkje er saman, hjelp til å samarbeide.

Knut Hunnes, leder for Familieverkontoret i Ålesund.

Knut Hunnes er leiar for Familievernkontoret i Ålesund og hjelper unge foreldre med å samarbeide.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vår erfaring er at mange unge fedre vil ta ansvar. Dei ynskjer å vere mest mogleg saman med barnet sitt og vil ikkje berre vere helgepappa, fortel dagleg leiar Knut Hunnes.

Om unge fedre får ha mykje kontakt med barnet, kan ofte vere avhengig av barnets besteforeldre. Hunnes seier at i mange tilfelle bur barnemora hos sine eigne foreldre, og dermed treng den unge faren tillit frå dei.

– Heldigvis er dei fleste besteforeldre kloke nok til å forstå at faren spelar ei viktig rolle, seier Hunnes.

Ofte besøk

Familievernkontoret er oppteken av at far skal ha god kontakt med barnet frå starten av. Det betyr slett ikkje at dei to unge foreldra skal ha delt omsorg.

– Kontakt med barna er ei langtidsinvestering. Den første tida er det viktig at fedrane er saman med babyen ofte. Det treng ikkje vere mange timane om gongen i starten, seier Hunnes. Hyppig og regelmessig kontakt er oppskrifta for å få eit tett forhold til barnet og legge grunnlaget for meir samvær når barnet blir større.

Martinius Øvrebø

Det var eit sjokk å oppdage at han skulle bli far så tidleg, men no synest Martinius det er kjekt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Smeltar av smilet

I bygda Fosnavåg er det gjensynsglede. Det Martinius alltid ser mest fram til når han skal treffe sonen, er det store smilet. Også i dag er vesle Martin raus på den fronten og får den unge pappaen til å smelte. Dei knallblå auga til babyen stråler når Martinius kjem inn og han gliser stort. Tre små tenner kjem til syne og fleire er på veg. Han ler når Martinius tullar.

Martin

Martin bur heime hos mora si, men får besøk av pappa eit par gongar i veka.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg prøver å besøke Martin to gongar i veka og ta han med heim ein dag. Når han blir litt større kjem vi til å gå inn i ei fastare ordning, fortel Martinius.

18-åringen bur heime hos foreldra sine og førre helg hadde han babyen der frå fredag til søndag. Dei første gongane var det nervepirrande å ha ansvaret for ein baby, og vite kor tid den vesle krabaten skulle ha mat og kor tid han trengde å sove. No gler Martinus seg til kvar gong Martin skal ligge i grindsenga på guterommet hans.

I dag tar han med seg babyen på ein liten trilletur. Det er 17 grader og sol, så Martinius konkluderer med at sonen slett ikkje treng å ha på seg jakke i dag. Heime i Ulsteinvik har Martin eiga vogn, seng, barnestol og alt som trengst.

Veks opp i storfamilie

Etter trilleturen er det tid for bleieskift. Det har 18-åringen blitt flink til og han kan stolt fortelje at det var han som tok den aller første bæsjebleien på sjukehuset. Jordmødrene gav den unge pappaen opplæring dei dagane han var der.

Martinius Øvrebø

Bleieskift har blitt rutinearbeid for Martinius.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Før hadde eg aldri høyrt om sinksalve. No er eg driven, ler Martinius. Han tar litt på fingeren og smører på babyrumpa. Bleieutslettet til Martin har blitt betre dei siste dagane, konstaterer 18-åringen nøgd.

Sonen veks opp med ein stor familie. Mia bur heime med mora si og fleire yngre sysken. Martinius føler seg alltid velkomen her og skryt av samarbeidet dei har. Dei to 18-åringane er gode vener.

– Det er lett for oss å finne løysingar, fordi vi er vande med å prate om alt, fortel Martinius.

Lite pengar

Han legg ikkje skjul på at det gir ein del utfordringar å vere unge foreldre. Sidan Martinius går på skule har han ikkje fast inntekt og kan difor ikkje bidra økonomisk slik han ynskjer.

– Eg jobbar litt her og der og prøver så godt eg kan. No ventar eg på stipendet mitt, fortel 18-åringen.

Men han likar å sjå positivt på situasjonen. Kven andre babyar er så heldig at dei både har oldeforeldre og tippoldeforeldre i live?

Martinius Øvrebø

Berre få dagar før fødselen fekk Lena og Terje Øvrebø vite at dei skulle bli besteforeldre.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Besteforeldra stiller opp

I Ulsteinvik planlegg Lena (44) og Terje Øvrebø (45) konfirmasjon. Yngstesonen skal konfirmerast om nokre dagar og skal ha 25 gjestar heime i stova. Den yngste på gjestelista er barnebarnet Martin, som skal vere med på festen etter kyrkja.

Bestemor og bestefar har for lengst kome over sjokkbeskjeden dei fekk få dagar før Martin vart fødd.

– Vi bestemte oss fort for at vi vil stille opp. Det er vår jobb å legge til rette for at dei to foreldra får tid til å vere ungdomar også, seier Lena Øvrebø.

Martinius Øvrebø

At han skulle ut og trille barnevogn, hadde ikkje 18-åringen sett for seg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho vart overraska då ho fekk vite at ho skulle bli bestemor, men fann fort roa då ho forstod at Martinius ville ta ansvar.

– Det heitest at barnebarn er livets dessert, og det er det verkeleg, seier Lena.

Sørge for framtida

Martinus har kyssa sonen farvel og køyrt heim til guterommet. Capsen er på, snusen godt plassert under leppa og 18-åringen har funne godstillinga framfor X-boksmaskina. Som dei fleste andre kompisane elskar han å spele. Men Martinius har ein stor draum. Han vil utdanne seg til speldesignar. Det betyr at han må flytte til ein av dei store byane i landet i nokre år og bu mange mil frå sonen. Det trur Martinius vil gå heilt fint. Planen er å komme tilbake til Sunnmøre og kanskje få arbeide med simulatorar i industrien.

– Eg vil ha ein god jobb slik at eg kan gi Martin det beste. Eg vil jo gi sonen min eit godt liv, seier den unge faren.

Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost