Hopp til innhold

Marcus & Martinus skaper kaos på Sunnmøre

Sommerfesten på Giske må utsetje Marcus & Martinus-konsert i ein time på grunn av lange køar og trafikkaos på Sunnmøre.

Sommerfesten på Giske

Det er lange køar inn mot festivalområdet på Giske.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det bekreftar Momentium ovanfor NRK. Popduoen Marcus & Martinus skulle i utgangspunktet ha gått på scena klokka 14.00 under Sommerfesten på Giske på Sunnmøre i dag. Men på grunn av lange køar utover mot festivalområde har arrangøren bestemt seg for å utsetje konserten med ein time.

– Det er framleis veldig mange som står i kø utover mot festivalområdet. Vi gjer dette slik at flest mogleg skal kunne kome seg hit i tide. Vi ønskjer å unngå at mange skuffa barn blir ståande utanfor portane og ikkje får sett heltane sine, seier Terje Erstad i Momentium.

Køkaos

Då inngangen til konsertområdet opna klokka 11.00 stod det allereie mange i kø. Det er store trafikale problem i samband med Sommerfesten på Giske og politiet oppfordrar reisande om å la bilen stå. Det er lange køar heilt frå innfartsvegen i Ålesund og i tunnelane utover mot Giske. Også i Ålesund sentrum står trafikken heilt stille.

Kø Valderøytunnelen

I tunnelane utover mot Giske blir det meldt om saktegåande kø.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Også på ferjesambanda blir det meldt om lange køar. Norled melder om mykje trafikk på sine ruter og anbefaler trafikantar om å nytte seg av hurtigbåt mellom Ålesund og Valderøy.

Arrangørane har tidlegare gått ut å bedd publikum om å vere ute i god tid. Erstad meiner at dei har sett i verk nok tiltak for å prøve å avgrense trafikkaoset.

– Det er dessverre berre ein veg til Giske. Vi har sett inn ressursar på å dirigere trafikken, politiet er med og hjelper til og vi prøver å gjere det beste ut av situasjonen, seier han.

Erstad kan ikkje sjå bort frå at konserten startar akkurat klokka 15.00, men lover at det blir konsert.

Kø Ålesund

Det er lange køar i Ålesund.

Foto: Anita Jacobsen Marø

Skuffa

Dei to venninnene Dina og Henriette synest det var dumt at konserten blei utsett, men synest det er verdt å vente på at Marcus & Martinus kjem på scena.

– Det var dumt, men det går bra. Eg har gleda meg ganske lenge så eg orkar å vente, seier Dina.

– Vi stod heilt framme med scena, men orka ikkje å stå der å vente. Vi håpar at vi greier å kome oss nær scena igjen når konserten startar, seier Henriette.

Måtte avlyse i Sverige

Marcus & Martinus har blitt så populære i Sverige at dei no må avlyse ei TV-framsyning. Den norske duoen skulle opptre i Malmö under ei livesending av barneprogrammet «Sommarlov» 15. juli.

Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård i Momentium.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Torsdag blei det derimot kjent at konserten blir avlyst fordi arrangørane ikkje kan garantere for sikkerheita under den planlagde innspelinga. Tidlegare denne månaden måtte også Liseberg i Göteborg og Gröna Lund stenge dørene for tusenvis av skuffa Marcus & Martinus- fans på grunn av eit enormt publikumsoppmøte.

Arrangørane bak Sommerfesten på Giske fortel at det også påverkar sikkerheita rundt laurdagens arrangement. Dei er likevel ikkje uroa for sikkerheita under festivalen.

– Når det kjem ein artist som Marcus & Martinus så gjer det at vi må heve sikkerheita betrakteleg på dagtid. Vi har mykje fleire vakter fordi det vil bli eit trykk framfor scena. Men vi jobbar med veldig profesjonelle og flinke folk som planlegg og gjennomfører den biten der så det går bra, seier Ante Giskeødegård.