NRK Meny
Normal

Mange måtte gi opp busskøa

På Moa og Valderøya i Ålesund stod hundrevis i busskø for å kome seg til Sommerfesten på Giske. Fleire ga opp og drog heim.

Busskø i Ålesund

Busskøa i Ålesund har blitt litt mindre, men mange rekk ikkje konserten med Marcus & Martinus.

Foto: Terje Rasmussen

Busskø Moa

Ved Moa Trafikkterminal står fleire hundre i kø.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Laurdag klokka 10.00 byrja dei første bussane å frakte publikumarar frå Moa til Sommerfesten på Giske. I dag er det endeleg klart for den store Sommerfesten og dei første artistane gjekk på scena klokka 12.00.

På Moa i Ålesund var det tydeleg at interessa for festivalen var stor. Allereie i 10.30-tida stod fleire hundre i kø for å kome med bussen til Sommerfesten. Også på Valderøya var det mange som venta på bussen til Giske.

Reiste heim

Anne Fredriksen hadde tenkt seg på Marcus & Martinus-konsert saman med mann og to barn. Då dei såg dei lange busskøene frå Moa, reiste dei i staden til Ålesund sentrum i 11-tida.

– Vi stod der halvanna time og køa bevegde seg berre 10 meter. Vi ga opp til slutt, og det gjorde mange andre også, seier ei skuffa Anne Fredriksen. Barna Mille og Malte var skuffa fordi dei hadde gledd seg slik til konsert.

Både arrangøren Momentium og politiet har oppmoda folk om å reise kollektivt. Fredriksen synest det er rart at det ikkje vart sett opp fleire bussar for å ta unna køene.

Tunnelane vart stengde

I tunnelane utover mot Giske var det tidlegare laurdag meldt om saktegåande kø. Like før klokka 12.00 bestemte politiet seg for å stenge Valderøytunnelen og Ellingsøytunnelen i ein periode på grunn av mykje kø. Tunnelane blei opna igjen etter ti minutt.

Politiet meldte også at fleire bilar som no blir sendt forbi avkøyringa til Giske vel å snu i køyrebana lengre framme. Det skaper unødig fare, åtvarar politiet på Sunnmøre.

Klokka 14.35 har trafikken avtatt litt.

– Trafikken går sakte, men det glir framover. Vi dirigerer trafikken og prøver å hjelpe dei som skal ny fly, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck.

Kø Valderøytunnelen

I tunnelane utover mot Giske blir det meldt om saktegåande kø.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Samarbeid med nettbuss

Sommerfesten på Giske samarbeider med Nettbuss om eit kollektivtilbod slik at publikumarane enkelt og raskt skal kunne kome seg til og frå Giske.

Busskø Valderøy Sommerfesten på Giske

Også på Valderøya står mange i busskø.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er difor sett opp ekspressbussar som skal gå frå Moa Trafikkterminal og Ålesund Rutebilstasjon til Giske heile dagen. I tillegg går det shuttlebuss mellom Ytterland og Giske heile dagen.

Arrangørane har tidlegare gått ut å bedd publikum om å vere ute i god tid. Terje Erstad i Momentium meiner at dei har sett i verk nok tiltak for å prøve å avgrense trafikkaoset.

– Det er dessverre berre ein veg til Giske. Vi har sett inn ressursar på å dirigere trafikken, politiet er med og hjelper til og vi prøver å gjere det beste ut av situasjonen, seier han

Ante og Lars Giskeødegård

Arrangørane bak Sommerfesten ber publikum om å vere ute i god tid, og å la bilen stå igjen heime.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Marcus & Martinus-feber

Arrangørane ventar opp imot 20.000 besøkande til Sommerfesten på Giske laurdag. På scena kan publikum oppleve artistar som Karpe Diem, Astrid S, deLillos og Sondre Justad.

Sommerfesten på Giske

Det er venta mange besøkande, spesielt barn, til Sommerfesten på Giske i dag.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

I tillegg er dei to brørne Marcus & Martinus eit av dei store trekkplastera til festivalen.