Hopp til innhold

Sikkerheita på topp før Marcus & Martinus

Arrangørane bak sommerfesten på Giske ventar publikumsrekord i helga. Marcus & Martinus er truleg ein av grunnane til det.

Markus og Martinus "Plystre på deg" / "Ei som deg" Markus og Martinus feat. Katastrofe "Elektrisk"

POPULÆRE: Dei to tvillingane Marcus & Martinus blir eit av trekkplastera på Sommerfesten på Giske laurdag. Her står dei på scena på Rådhusplassen under årets VG-lista

Laurdag er det igjen klart for Sommerfesten på Giske på Sunnmøre. På plakaten står artistar som Karpe Diem, Astrid S, deLillos og Sondre Justad. Men det er to 14-åringar frå Nordland som er venta å vere eit av dei største trekkplastera til festivalen.

– Med greitt vêr ligg det an til å bli publikumsrekord. Vi merkar at det er veldig stor interesse i år og det har mellom anna med Marcus & Martinus å gjere. Det blir superpopulært, seier Ante Giskeødegård i Momentium.

Trekkplaster

Dei to tvillingane blir stadig meir populære både i innland og utland.

Ante Giskeødegård

Arrangør Ante Giskeødegård ber publikum om å vere ute i god tid før Marcus & Martinus-konserten laurdag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Arrangørane bak Sommerfesten på Giske, Ante og Lars Giskeødegård i Momentium, anbefaler publikum om å vere ute i god tid, og å la bilen stå igjen heime.

– Det er viktig at publikum kjem tidleg fordi det tek litt tid å kome seg hit. Det er kjedeleg å stå fast i ei kø med hylande ungar i bilen når Marcus & Martinus går på scena, seier Ante.

– Det går mange bussar til og frå Giske, så vi anbefaler publikum til å nytte seg av kollektivtilbodet. Det er det som kjem til å vere enklast, seier Lars.

Auka sikkerheit

Marcus & Martinus har blitt så populære i Sverige at dei no må avlyse ei TV-framsyning. Den norske duoen skulle opptre i Malmö under ei livesending av barneprogrammet «Sommarlov» 15. juli.

Ante og Lars Giskeødegård

Laurdag går Marcus & Martinus på scena under Sommerfesten på Giske.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I går blei det derimot kjent at konserten blir avlyst fordi arrangørane ikkje kan garantere for sikkerheita under den planlagde innspelinga.

Tidlegare denne månaden måtte også Liseberg i Göteborg og Gröna Lund stenge dørene for tusenvis av skuffa Marcus & Martinus- fans på grunn av eit enormt publikumsoppmøte.

Ifølge Göteborgs-Posten er det kaoset som oppstod under desse konsertane som er årsaka til at TV-framsyninga no er avlyst.

Marcus & Martinus

Marcus & Martinus har blitt svært populære både i innland og utland.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Arrangørane bak Sommerfesten på Giske fortel at det også påverkar sikkerheita rundt laurdagens arrangement. Dei er likevel ikkje uroa for sikkerheita under festivalen.

– Når det kjem ein artist som Marcus & Martinus så gjer det at vi må heve sikkerheita betrakteleg på dagtid. Vi har mykje fleire vakter fordi det vil bli eit trykk framfor scena. Men vi jobbar med veldig profesjonelle og flinke folk som planlegg og gjennomfører den biten der så det går bra, seier Ante Giskeødegård.

Dei trur heller ikkje at det blir eit problem å få plass til alle som ønskjer å ta turen for å sjå Marcus & Martinus.

– Det er eit stort festivalområde, så om du ikkje likar å stå trongt og med høg lyd så er det gode moglegheiter for det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL