Hopp til innhold

Sprang for å stå fremst ved scena

Marcus & Martinus-fansa spurta mot scena då inngangen opna ved Sommerfesten på Giske i dag.

Jenter venter på Marcus & Martinus

Høyr dei tre jentene synge Elektrisk av Marcus & Martinus.

– Vi spurta så fort vi kunne fram hit, seier Tora med eit smil.

Dei tre venninnene Tora, Signe og Kine hadde møtt opp tidleg for å sikre seg gode plassar til Marcus & Martinus-konserten på Sommerfesten på Giske i dag. Alt i eit håp om å få oppleve dei to tvillingane på nært hald.

– Vi stod opp halv åtte og møtte opp her klokka halv ti. Så stod vi å venta i ein og ein halv time før inngangen opna. No skal vi vente i nokre timar før dei går på scena, seier Signe.

Høyr dei tre jentene synge ein av sine Marcus & Martinus-favorittar i videoen øvst.

Først i køen på Sommerfesten
Jenter reagerer på utsatt konsert

Les også: