Hopp til innhold

Thea er så stor fan at ho måtte til legen

Marcus & Martinus-feberen herjar. Når dei kjem til Sommarfesten på Giske laurdag, ventar ein av dei største fanen deira. Ho måtte til legen på grunn av tvillingane.

Thea Abelseth Alnes

Thea-Abelseth Alnes elskar Marcus & Martinus. Ho brukar timesvis kvar dag på å dyrke heltane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I eit rosa rom i kjellaren på Godøy på Sunnmøre, er veggane tapetsert med plakatar av Marcus & Martinus. Tvillingbrørne har blitt så populære at i Sverige måtte ein arrangør avlyse konserten, fordi dei frykta for tryggleiken.

Thea Abelseth-Alnes (13) har hatt nedteljing til Sommarfesten på Giske i seks månader. Laurdag er den store dagen ho har venta på. Den største frykta hennar har vore at konserten på Giske skal bli avlyst, men arrangørane lovar at tryggleiken er på topp.

– Når det kjem artistar som Marcus & Martinus gjer det at vi må heve sikkerheita betrakteleg på dagtid. Vi har mykje fleire vakter fordi det vil bli eit trykk framfor scena, seier Ante Giskeødegård i Momentium.

Thea Abelseth-Alnes

På hendene har Thea 12 Marcus & Martinus armband. Ho høyrer sjølvsagt alltid på musikken deira når ho hoppar på trampoline.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Legen bad henne trappe ned

Thea har tenkt å stå heilt fremst ved scena laurdag og planen er å møte opp allereie klokka åtte om morgonen, saman med pappa Tarjei.

– Dei er veldig greie og flinke til å synge. Og så er dei snill med fansen, seier Thea. På hendene har ho til saman 12 Marcus & Martinus armband. Og genseren har sjølvsagt bilete av dei populære brørne.

For Thea starta interessa då ho såg dei to på MGP junior. Det gjekk ikkje lang tid før ho vart forelska i Martinus. 13-åringen brukar mange timar kvar einaste dag på heltane sine. Musikken er konstant på og fingrane arbeider kjapt på mobilen. Der oppdaterer ho seg kontinuerleg om tvillingane. Til slutt vart nakken så vond at ho måtte oppsøke lege.

– Legen sa at eg måtte slutte å bruke så mykje tid på telefonen, men eg har ikkje følgt det rådet, ler Thea.

LES OGSÅ:

Tarjei, Jonas og Thea Alnes

Pappa Tajei, lillebror Jonas og Thea gler seg til konserten laurdag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjem til å grine

Pappa Tarjei synest berre det er kjekt at dottera er ein så stor fan, sjølv om han synest ho kan bruke litt vel mykje tid på brørne.

– Eg ser at ho kosar seg og det er kjekt. Eg likar dei sjølv eg. Thea spelar dei i bilen heile tida, så eg kan alle tekstane, ler Tarjei.

Han veit kor viktig det er for dottera å få ein god plass på konserten laurdag, så han stiller som sjåfør grytidleg på morgonen. Thea veit at mange fans brukar å svime av på konsert, men ho har tenkt å halde seg medviten heile tida.

– Eg trur eg kjem til å grine. Kanskje eg grin heilt til eg får kome backstage og helse på dei, seier Thea.