Nordøyvegen vann første runde

Fleirtalet i samferdselsutvalet seier ja til å bygge Nordøyvegen, og vil ikkje stoppe anbodskonkurransen slik fylkesrådmannen foreslår. Ordføraren i Haram er sikker på at vegen blir bygd.

Jessica Gärtner og Frank Sve

Fleirtalet i samferdselsutvalet meiner at Nordøyvegen kan byggast for 5,1 milliardar kroner.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) seier det er no eller aldri for Nordøyvegen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndag var politikarane i samferdselsutvalet samla og eit fleirtal på åtte mot tre stemte for å bygge Nordøyvegen til 5,1 milliardar kroner. Forslaget kom frå Frp, Senterpartiet, KrF, V og Høgre.

– Vi har ei høg lånegjeld, men mykje av dette skal betalast frå eksterne midlar, seier Kristin Sørheim (Sp), som er leiar i samferdselsutvalet. Ho meiner det er no eller aldri for Nordøyvegen.

Etter at finansieringa av fastlandssambandet Nordøyvegen, sprakk med over ein milliard kroner, foreslo fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik å avlyse anbodskonkurransen og gjere nye utgreiingar. Han meiner at alle andre investeringar må settast på vent dei neste 10–12 åra og at det blir kutt både i administrasjon, skule, samferdsel og kultur.

Aukar inntektene

Fylkesrådmannen meiner prosjektet kjem til å koste 5,6 milliardar kroner, men det er dei som står bak dagens forslag usamde i. I deira reknestykket har dei tatt bort full rehabilitering etter 40 år, avsetting til usikkerheit er redusert og låneavdraga er fordelt over 40 år, ikkje 30 år som i fylkesrådmannen sitt budsjett. I tillegg trur dei at inntektene gjennom bompengar og hurtigbåttilskot vert større.

– Vi meiner vi har dekt inn kostnadssprekken med dette forslaget, seier Charles Tøsse (H).

Trur på siger

Vebjørn Krogsæter

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp), trur ikkje at alle politikarane har forstått saka.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp), seier at no startar jobben med å få fram dei gode argumenta for å realisere Nordøyvegen. Etter hans syn har ikkje alle politikarane forstått heile saka.

– Eg er så å seie heilt sikker på at vi får fleirtal for bygging i fylkestinget, seier Krogsæter.

Slik det ser ut i dag kjem det til å bli eit jamt løp. Fleire av partia er delt og ikkje alle politikarar har bestemt seg.

Les også: Har venta sidan 80-talet: Gigantisk vegprosjekt på Vestlandet kan ryke etter milliardsprekk

Støttar fylkesrådmannen

Eit stort fleirtal i Arbeidarpartiet si gruppe støttar fylkesrådmannen sitt forslag om å avlyse anbodskonkurransen.

– Vi legg tala frå fylkesrådmannen til grunn, men det kan hende mange i vår gruppe snur når vi skal behandle saka i desember, seier Roger Osen (Ap). Han seier at ei av dei største utfordringane i saka er alle tala som har kome på bordet, der ikkje alle er seriøse, etter hans syn.

Gruppemøte i Ap Møre og Romsdal

Eit stort fleirtal i Arbeidarpartiet si gruppe støttar fylkesrådmannen sitt forslag om å avlyse anbodskonkurransen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kompliserte reknestykke

Fleire øybuarar var til stades under debatten. Ei av dei var Anne Breiby som er sterkt engasjert i Nordøyvegen. Ho peikar på at fastlandssambandet er viktig både for dei som bur der, for Ålesund, Sunnmøre og Møre og Romsdal.

– Eg har trua på fleirtal for bygging. Det vert hardt arbeid for å forklare dette for folk, med kjempekompliserte reknestykke og store tal. Eg skjøner at ikkje alle har fått det med seg, seier Breiby.

Saka skal behandlast vidare i fylkesutvalet og fylkestinget.