Hopp til innhold

Naboar uroleg over sprengingsarbeid

Bebuarar og næringsdrivande i Kipervika i Ålesund sentrum, er svært urolege for følgene av sprengingsarbeidet som snart tek til når det skal byggast parkeringshus i byfjellet Aksla.

Aksla parkering

Aksla parkering får innkøyring frå Rådstugaten. Dei som driv forretning i nabobygga kvir seg til anleggsarbeidet startar.

Foto: Aksla parkering

Tunnelinnslaget blir midt i ei sentrumsgate der fleire driv butikkar, og når kvartalet blir stengt for trafikk i januar, fryktar handelsstanden for kundegrunnlaget.

Kroken på døra

Tor Berg driv Glass og Ramme i Kipervika og han ser ikkje lyst på dei neste to åra.

– Vi veit ikkje om det vert kroken på døra. Det spørst om kundane både vil og klarer å komme til oss, seier Berg.

Han eig lokala sjølv og for han er det ikkje aktuelt å flytte verksemda. Hadde han leigd i staden for, er han ikkje i tvil om at han ville ha funne ein annan stad til verksemda si.

LES OGSÅ:

Kan måtte stenge

Mette Dyb

Mette Dyb forstår ikkje korleis ho skal klare å drive butikk under anleggsarbeidet.

Foto: Terje Reite / NRK

Inne i byfjellet Aksla skal det bli parkeringsplass til 920 bilar og anlegget skal stå ferdig våren 2016. Parkeringssituasjonen i Ålesund kommune er vanskeleg, og i går kveld var det informasjonsmøte i nabolaget.

Mette Dyb driv Pigment kunsthandel berre to meter unna tunnelinnslaget. Ho forstår ikkje korleis ho skal klare å drive butikken under arbeidet.

– I verste fall må vi stenge. Korleis vi skal få varer til butikken og korleis kundane skal kome seg inn, veit eg ikkje, seier Dyb.

Ansvarleg for Aksla parkering, Arve Tonning forstår at mange er uroa. Han innrømmer at det vil medføre ein del ulempe for dei næraste naboane og handelsdrivande.

– Slik Ålesund er forma ut er det vanskeleg å gjere noko i sentrum utan at nokon føler at det vert ubehageleg, seier Tonning.

Må folk belage seg på at gata vert stengt i to år?

– Det er den planen som er godkjent, men vi får sjå om vi klarer å tilpasse det slik at butikkane får vareleveransar, seier Tonning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL