Hopp til innhold

UNIO-leiar sterkt kritisk til ny arbeidsmiljølov

Anders Folkestad er ueinig i fleire av punkta i den nye arbeidsmiljølova. Han meiner at det regjeringspartia i dag serverte er ein dårleg rekrutteringsstrategi og eit tilbakeslag for arbeidslivet.

Unio-leder Anders Folkestad

Anders Folkestad, leiar i UNIO som er hovudorganisasjonen for Forskarbundet, Sjukepleiarforbundet og Politiets Fellesforbundet. Han er ikkje forsiktig med kritikken til den nye arbeidsmiljølova.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Hyppigare søndagsjobbing, opning for å jobbe til du er 72 år og aktivisering av sosialhjelpsmottakarar er nokre av punkta i ny arbeidsmiljølov.

Ein del av debatten rundt den nye arbeidsmiljølova har handla om at regjeringa ønskjer å gjere det enklare å tilsette folk i mellombelse stillingar.

– Dårlegare vilkår

Leiar i UNIO, Anders Folkestad, meiner at det framleis er grunn til å vere sterkt kritisk og ueinig i det som regjeringa la fram i dag.

– Etter vår meining er dette eit forslag som fører til dårlegare vilkår for mange tilsette. Det er særleg ille at det blir friare tilgjenge til mellombels tilsetjing.

Han er klar på at det mest skadelege er at regjeringa no seier fritt fram til mellombels tilsetjing utan spesielle vilkår.

– Men i tillegg vil endringane i arbeidstidsreglane auke presset på dei som allereie er fleksible og som er i yrker med arbeidstid heile døgnet, seier Folkestad.

Han trur at tilsette i helsesektoren vil lide ekstra mykje på grunn av endringane.

– Regjeringa på feil veg

Då Robert Eriksson la fram forslaga i desember sa arbeidsministeren at målet var å få fleire ut i arbeid, ved å opne for fleire mellombelse stillingar.

– Det er eit argument som har blitt gjenteke fleire gonger – men mykje forsking og erfaring viser at det ikkje blir ei auke av jobbar med slike endringar.

Men Folkestad har òg nokre grunnar til å smile. Han er nøgd med avgrensingar når det gjelder søndagsarbeid – og at det er regulert kor mange søndagar og heilagdagar ein kan jobbe etter kvarandre.

Han klappar også i hendene for regelen om at mellombelse tilsette no kan krevje fast jobb etter berre tre år – til no har dette vore fire år.

– Litt har vi oppnådd, og det er bra – men hovudkursen til regjeringa er framleis feil, seier UNIO-leiaren.

Det skal takast ei vurdering av ordninga når den har vart ei stund, og det finst vitskapleg grunnlag for ei evaluering.

– Eg trur det vil kome fleire endringar i lova – spesielt sidan regjeringa allereie no seier at den nye lova skal bli evaluert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL