Hopp til innhold

Pasient- og brukarombodet med kritikk av helsetenestene

Både sjukehusa og dei kommunale helsetenestene får kraftig kritikk i årsmeldinga frå Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal.

Omsorg alderdom

Kritikk mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene utgjer ein stadig større del av saksmengda hos pasient- og brukarombodet.

Foto: Frank May, P3472 Frank May / NTB scanpix

Pasient- og brukarombodet fekk over 600 nye saker på bordet sitt i 2016. Klagene handlar om alt frå ferdigbehandla pasientar som ventar på institusjonsplass i kommunane til saka om Sebastian G. Ødegaard, der det blei avdekt alvorleg svikt i mange deler av helsetenesta.

– Helse Møre og Romsdal har ei betydeleg utfordring med å styrke omdømmet sitt, og arbeide for å få tillit frå pasientar og pårørande i fylket. Det kan ta lang tid, heiter det i innleiinga til årsmeldinga frå ombodet.

Både kommunal helseteneste og spesialisthelsetenesta

Sidan 2009 har pasient- og brukarombodstenesta også hatt ein funksjon overfor dei kommunale helsetenestene. Klagesakene frå den kommunale helse- og omsorgstenesta har no nesten like stort omfang som klagesakene mot sjukehusa.

Pasientombod statistikk
Foto: Pasient- og brukarombodet

Sidan 2009 har sakene som gjeld den kommunale helse- og omsorgstenesta auka mykje i omfang.

Desse sakene er ofte tid- og ressurskrevjande med omfattande kontakt og oppfølging med klagar og tenestestad, heiter det i årsmeldinga.

Flest sjukehusklager i Ålesund og Molde

Årsmeldinga til pasientombodet ser ikkje talet på sjukehusklager i forhold til det totale talet på pasientar ved dei ulike sjukehusa. Statistikken viser at det er nesten like mange sjukehusklager i Molde som i Ålesund. På botn ligg sjukehuset i Volda. Både Kristiansund, Molde og Volda har hatt ein auke i talet på klagesaker. Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal har også ein auke i talet på klagesaker som rettar seg mot St. Olavs Hospital.

Klagesaker ved sjukehusa
Foto: Pasient- og brukarombodet

Dei fleste problemstillingane gjeld kirurgiske inngrep der det blir stilt spørsmål om svikt og feilbehandling. Den nest største kategorien omhandlar pasientar som opplever problem i behandling av psykiske lidingar.

Kommunale legevakter

Svært mange av klagene på den kommunale helsetenesta gjeld korttids- og langtidsopphald i sjukeheimar og helsetenester i heimen. Som regel er det pårørande som kontaktar ombodet i desse sakene.

– Fleire opplever at verdigheitsgarantien ikkje blir oppfylt, heiter det i årsmeldinga.

Men mange klager rettar seg også mot dei kommunale legevaktene. Her er det mange pasientar som hevdar dei blir feildiagnostiserte og ikkje får rett behandling og oppfølging.

Vi høyrer diverre ganske ofte at pasientar som har oppsøkt legevakt opplever at legen har dårleg tid til dei. I dei mest alvorlege tilfella har ikkje alvorleg sjukdom blirr oppdaga, som igjen har fått dramatiske følgjer for pasienten.

Sebastian

Pasient- og brukarombodet ventar på tilbakemelding på kva Helse Møre og Romsdal vil gjere for å gjenopprette omdøme og tillit etter Sebastian-saka.

Foto: NRK

Skjør tillit

Pasient- og brukarombodet uttrykkjer uro etter at helse Møre og Romsdal i 2914 vedtok å stengje barneavdelinga ved Kristiansund i helgene og i høgtider.

– Etter kontakt med uroa helsepersonell og pårørande sende ombodet ei bekyrmringsmelding med spørsmål om det var gjennomført tilstrekkeleg risikovurdering, heiter det i årsmeldinga.

Tre månader seinare, i februar 2015, døydde 10 månader gamle Sebastian G. Ødegaard under transport til St. Olavs Hospital. Statens helsetilsyn konkluderte med at det var svikt i fleire ledd. Saka er sendt over til politiet som tok ut sikting mot helseføretaket.

I desember sende pasient- og brukarombodet eit brev til Helse Møre og Romsdal med bøn om ei tilbakemelding på korleis føretaket skal styrke omdømmet sitt og skape tillit.

– Dette er ei skrivande stund ikkje svara på. Tillit og omdømme er sårbart. Det tek lang tid å byggje opp, men blir raskt rive ned, heiter det i årsmeldinga.

I 2015 blei barneavdelinga i Kristiansund gjenopna i helgane, men blir stengt under større høgtider. Sengekapasiteten er noko redusert i helgane. Under infeksjonssesongen er sjukepleiarbemanninga styrka på dagtid.