Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal utarbeider «topp ti-liste» med farer for å mislukkast

Helse Møre og Romsdal skal utarbeide ei «topp-ti-liste» som identifiserer kva som i størst grad hindrar foretaket i å nå måla sine. Lista skal mellom anna definere årsakene til at foretaket kvart år går med underskot.

Barneavdeling Ålesund

Det største sjukehuset i Helse Møre og Romsdal ligg i Ålesund. Den gamle høgblokka bakerst og den forholdsvis nye barneavdelinga fremst.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Sidan 2011 har Helse Møre og Romsdal jamt over levert økonomiske resultat som ligg på minussida. I denne perioden har helseforetaket hatt ein samla budsjettbom på over 400 millionar kroner.

I 2016 endte foretaket på ein minus på 81,8 millionar kroner. Talet for 2015 var på 110,5 millionar, 92 millionar i 2014, 96 millionar i 2013 og 53 millionar i 2012 og om lag 11 millionar i 2011.

Etter vedtaket om å bygge nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal har helseforetaket fått eit ekstra krav på seg for å sikre si eiga økonomiske berekraft.

Innsparingar i 2017

For 2017 skal Helse Møre og Romsdal gjennomføre omstillingstiltak for over 132 millionar kroner. Dei største omstillingstiltaka er knytte opp mot løn. Over 74 millionar kroner skal sparast inn, noko som står for 56 prosent av omstillingskrava.

Styringskrav for 2017

Når Helse Møre og Romsdal no skal identifisere kvar der er størst risiko for ikkje å lukkast, blir dette vurdert opp mot dei styringskrava som Helse Midt-Noreg har pålagt Helse Møre og Romsdal. Her er den økonomiske situasjonen eit sentralt punkt. Dette er dei overordna måla som Helse Møre og Romsdal skal arbeide etter:

  • Redusere unødvig venting
  • Prioritere psykisk helsevern og spesialisert rusbehandling
  • Betre kvalitet og pasienttryggleik
  • Økonomisk berekraft.

Den gjennomsnittlege ventetida skal vere under 57 dagar totalt. Rusbehandling og psykiatri skal ha dei kortaste ventetidene, og målet er at det ikkje skal vere fristbrot i det heile teke.

I punktet for økonomisk berekraft heiter det at Helse Møre og Romsdal skal styrke eigenkapitalen sin, slik at helseforetaket får eit handlingsrom til nye investeringar.

Risikostyring

Det er med utgangspunkt i manglande måloppnåing frå tidlegare år at styret for Helse Møre og Romsdal no får ei sak om risiko-styring på bordet. Helseforetaket blir pålagde å identifisere risikofaktorar, å evaluere risifaktorane og å utarbeide ein handlingsplan som skal vere ei hjelp slik at foretaket når måla så godt som råd.

Ifølgje dokumenta som styret for Helse Møre og Romsdal har fått i dag, skal det leggast vekt på å vise fram kva område der ein har høg risiko for ikkje å nå måla. Ei «topp-ti-liste» skal vise dei største farane, og det skal ligge føre ein handlingsplan for dei områda som har eit risiko-nivå som ikkje kan godtakast.

Styremøte 15. mars

Styret i Helse Møre og Romsdal har møte 15. mars. På dette møtet blir styret orientert om at politiet har sikta Helse Møre og Romsdal i Sebastian-saka. Den ti månader gamle Sebastian G. Ødegaard døde på veg til St.Olavs Hospital 22. februar 2015, og det er konkludert med at guten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.

Styret får også rapportar om den vanskelege økonomien i helseforetaket