Hopp til innhold

Turistane utset seg for livsfare i dei populære Fjellstua-trappene

Halvparten av fjellstuatrappa er fjerna og i tillegg manglar det rekkverk fleire stader. Likevel er det mange turistar som ikkje bryr seg om sperringane.

Renovering av bytrappene i Ålesund

I over 130 år har trappa opp til Fjellstua i Ålesund vore flittig brukt. Bytrappene vart sperra av for om lag to veker sidan, og arbeidet er godt i gang allereie. Men turistane vil framleis gå denne vegen.

Foto: Steven Bendal

Ålesund frå Fjellstua

Dette motivet er verdskjend - og dei aller fleste som besøker Ålesund vil ha med seg dette biletet heim.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fjellstua er eit av Noregs mest populære fotopunkt, og det kan vere grunnen til at turistane snik seg forbi sperringane. 18. august i år blei den velkjende trappa stengd for rehabilitering, og arbeidet er allereie godt i gang.

Steven Bendal

Prosjektleiar i Ålesund kommune, Steven Bendal, håper at turistane vil gå den alternative ruta til Fjellstua.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er livsfarleg for andre enn arbeidarane å gå i trappene, skriv Ålesund kommune på sine nettsider. Leiaren for rehabiliteringsprosjektet, Steven Bendal, fortel at bytrappene er omgjort til grus- og steinmassar. Det kan lett rause ut viss folk held fram med å gå den velkjende ruta.

– Store delar av trappene og rekkverka er tatt vekk, og det er fullt mogeleg å falle 30 til 40 meter ned viss ein er uheldig, seier Bendal.

Kan ha misforstått skiltinga

Renoveringa av bytrappene er godt i gang i Ålesund

Store delar av trappene er meisla opp, og det ligg berre steinmassar igjen. Kommunen meiner at det er livsfarleg å gå denne ruta no.

Foto: Steven Bendal

Han trur ikkje at turistane går forbi sperringane for å vere vanskelege. Misforståingar og språktrøbbel kan vere forklaringa.

– Det er godt skilta mot den alternative ruta på både norsk og engelsk. Det kan sjølvsagt vere at språktrøbbel er grunnen til at mange tek seg forbi sperringane. Vi er redde for at folk skal gå der – det kan få alvorlege konsekvensar, seier prosjektleiaren.

Kommunen oppmodar turistar og turgåarar om å respektere avsperringa og heller ta i bruk den alternative og skilta ruta opp Vannspringdalen for å kome til Fjellstua.

– Fleire vel å ikkje gå innom turistkontoret før dei går ut i byen, og då får dei ikkje den informasjonen dei treng. Vi meiner likevel at sperringane er svært synlege. Men vi har sett fleire gonger at grindene er flytta på, seier Bendal og legg til at det må vere mogleg for arbeidarane å kome seg forbi med ymse utstyr.

Livsfarleg å gå der

Nedste delen av trappene er ikkje røyrt endå, men frå midten og opp er trinna tatt vekk. Den knuste betongen ligg laust, og kan ifølgje Bendal rause ut viss folk går der.

– Det er veldig bratt der rekkverka er fjerna, og det kan vere livsfarleg å gå der no. Arbeidarane må ha på seg sikringsutstyr og hjelm – det har ikkje turistane, seier han.

Han trur at mange tek sperringane på alvor, men at det finst enkelte som framleis vil gå den populære ruta opp mot utsiktsplassen Fjellstua.

I denne tv-saka får du forklart kvar den alternative ruta til Fjellstua går:

I over 130 år har trappa opp til Fjellstua vore flittig brukt. Måndag stenger Ålesund kommune trappene til Fjellstua og startar arbeidet med rehabiliteringa.

I denne tv-saka får du forklart kvar den alternative ruta til Fjellstua går.