Hopp til innhold

Steinsprang i Fjellstuetrappene

Det har gått eit steinsprang på ein sideveg til trappene opp til Fjellstua i Ålesund. Kommunen har sperra av området.

Område sperra av på grunn av steinsprang i Fjellstuetrappene i Ålesund

Området ikring ein stikkved til Fjellstuetrappene har blitt stengt av etter eit steinsprang.

Foto: Ålesund kommune

Store steinar bak kvilebenk i Ålesund

Ingen vart skadd då desse steinane ramla ned bak benken.

Foto: Ålesund kommune

Ei mindre steinblokk har falle ned bak ein kvilebenk ved ein stikkveg til Fjellstuetrappene.

Ei større blokk og lausmassar kan framleis rase ut, og derfor har området blitt stengt av med sperreband. Det vil også bli sett opp skilting, opplyser kommunen.

Verksemdleiar for veg, anlegg og park, Oddvar Kongsvik, seier at dei er redde for fleire steinsprang på kvileplassen, men at dei ser det som trygt å gå opp hovudruta til trappene.

Steinspranget skjedde på den venstre dei to moglege vegane i botnen av trappene. Det er framleis mogleg å nytte den andre vegen og gå trappene heilt til toppen.

Fjellstuetrappene vert stengt for renovering 15. august og stikkvegen vil ikkje bli opna før etter at trappene er ferdig renoverte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL