Hopp til innhold

Håpar betaling vil gi turistane ei betre oppleving

Cruiseturistane strøymer til utkikspunktet frå heile verda. No må dei betale for å sjå på utsikta, og det må dei innfødde også.

Vivian Chu og familien

BETALINGSVILJE: Jill Chu og familien er fornøgde med opplevingane dei får på norske turistattraksjonar. Dei har ikkje noko imot å betale for å sjå på utsikta. Frå venstre: Daphne Lee, Telun Huang, Jill Chu, Annabel Li og Vivian Chu

Foto: Eline Håker / NRK

Det er livleg på Fjellstua i Ålesund tysdag føremiddag. Turistane smiler og knipsar bilde på terrassen med den verdskjende utsikta.

Hadde dei kome nokre timar seinare, måtte dei ha betalt 100 kroner kvar for å kome gjennom porten til utkikspunktet.

– No ser vi oss nøydde til å lukke porten, fordi det er veldig mykje turistar her oppe, fortel dagleg leiar på Fjellstua, Ann-Helen Støbakk.

Ann-Helen Støbakk.

Verandaen vil nå bli stengt etter midnatt. – Det har vore mykje hærverk, seier Ann-Helen Støbakk. Dei tilsette har opplevd at møblar har blitt kasta utafor terrassen og at juletrelys har blitt klipt av.

Foto: Eline Håker / NRK

Rekk nesten ikkje å vaske do

På ein dag kan Fjellstua ha førehandsbestillingar på over 900 cruiseturistar. I tillegg kjem enkeltturistane og andre som er ute på tur.

På grunn av den enorme pågangen slit dei tilsette mellom anna med å vaske toaletta ofte nok.

– Det er så lange køar at vi nesten ikkje kjem til, seier ho.

Ho håper betaling vil føre til mindre trengsel og at dei får moglegheit til å gi gjestane den opplevinga ho meiner dei fortener.

Fjellstua utsikt.

Dei tilsette bruker omkring ein time kvar morgon på å rydde uteområda ved restauranten før turistane kjem.

Foto: Eline Håker / NRK

Lokale må også betale

Dei lokale som vil ut på verandaen, kan frå i dag kjøpe eit vennekort for 100 kroner. Kortet gjeld i eit år, og inntektene går til ei velforeining som mellom anna held stiane på byfjellet ved like.

Men at også dei innfødde må betale, har ført til klaging i sosiale medium. Det forstår ikkje Njål Bele som anslår at han vitjar verandaen rundt 30 gonger i året.

– Eg synest det er heilt greitt at også vi som bur i området må betale. Det er ein liten sum, som vi i realiteten får igjen gjennom flotte stiar, lys, benkar og alt det andre gode arbeidet som velforeininga gjer.

Det er ikkje første gong det er innført betaling på Fjellstua. I 2019 innførte dei tidlegare eigarane inngangspengar.

Les også Turistar er sjokkerte over at denne utsikta kostar 100 kroner

Folk på utkikspunktet på Fjellstua i Ålesund

Går til dugnadsarbeid

Leiar i Aksla vel er fornøgd med at Fjellstua vil donere inntektene frå vennekorta til foreininga.

– Det er det gull verdt. Det kostar å drive dugnad, seier Arnstein Eide.

Arnstein Eide.

Saman med om lag 20 andre, driv Arnstein Eide frivillig arbeid på byfjellet Aksla nesten kvar dag.

Foto: Eline Håker / NRK

Han fortel at dei fleste han har prata med, er positive til den ordninga.

– Men bør det ikkje vere gratis med utsikt?

– Det er eit privat område, og det er ikkje ei sjølvfølge at det skal vere gratis, seier Eide.

– Det er verdt det

Cruiseturisten Vivian Chu frå San Francisco, USA, sparar ikkje på adjektiva når ho beskriv utsikta.

Excellente, perfecto, muy bien, awesome, seier ho med glimt i auga.

Ho er på cruiseskipet «Sky Princess» saman med mor, søster, og tanteborna sine. Sjølv om ho slapp å betale denne gongen, ville ho ha gjort det.

– Det er verdt det, seier ho og legg til at ho trur det er bra for den lokale økonomien.

Folksamt på Fjellstua.

Det er folksamt på Fjellstua i Ålesund i turistsesongen.

Foto: Eline Håker / NRK