Hopp til innhold

Måndag stenger landemerket

I over 130 år har trappa opp til Fjellstua vore flittig brukt. Måndag stenger Ålesund kommune trappene og startar arbeidet med rehabiliteringa.

I over 130 år har trappa opp til Fjellstua vore flittig brukt. Måndag stenger Ålesund kommune trappene til Fjellstua og startar arbeidet med rehabiliteringa.

SJÅ TV SAK: No stenger det populære landemerket i Ålesund. Foto/redigering: Alf-Jørgen Tyssing.

– Trappene blir stengt her oppe ved Fjellstova og nede ved byparken, seier Steven Bendal, prosjektleiar i Ålesund kommune og viser kvar trappene blir stengd.

Turistar Fjellstua

TURISTAR: Mange turistar hadde tatt vegen opp til Fjellstua også i dag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

To store skip og fem tusen cruiseturistar i Ålesund i dag. Mange har teke beina fatt for å kunne nye utsikta frå Fjellstua og Aksla. Men no er det like før det blir sett bom for denne trimmen.

Dei som vil bruke føtene og gå den vande ruta opp til turistattraksjonen Fjellstua i Ålesund, må skunde seg. Måndag stengjer nemleg trappene.

Det populære landemerket blir stengt i eitt år som følgje av renovering. Etter planen skal trappene vere klar til opning 15. mai 2015.

Alternativ veg

Steven Bendal

STENGT: Steven Bendal seier det no er klart for utbetring av trappene opp til Fjellstua.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Fjellstuetrappene blei lagt på slutten av 1880-åra. I over 130 år har trappene overlevd vær og vind, med god hjelp frå verksemd for veg, anlegg og park i Ålesund kommune som har bidratt med flikking og anna vedlikehald.

Under ein storm i 2012 skjedde det ein rotvelt i trappeløpet og delar av fundamentet raste ut. Då blei det løyvde midlar til rehabilitering av trappene i 2013, men arbeidet blei utsett til 2014.

– No står alt klart for ei utbetring av trappene, seier Bendal.

Oddvar Kongsvik

ALTERNATIV: Oddvar Kongsvik seier den alternative vegen vil vere lett å finne.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Men det vil framleis vere moglegheiter til å gå turen opp til Fjellstova, sjølv om trappene er stengde. Eit alternativ for dei som vil gå, er ein gangveg som skal vere lett å finne.

– Vi håpar verkeleg at den alternative ruta skal vere lett å finne. Vi har prøvd å skilte den andre vegen og informere så godt vi kan, seier Oddvar Kongsvik, leiar for veg, park og anlegg i Ålesund kommune.

No håpar dei folk vil nytte seg av den alternative ruta opp til Fjellstua i mellomtida.

Godt alternativ

Frå sentrum til Fjellstua via Vannspringdalen er det to til tre kilometer å gå, og nokre turistar har allereie funne vegen. Ein av dei er ukrainske Miroslav Chavchenko.

Turist

NØGD: Miroslav Chavchenko frå Ukraina var nøgd med vegen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Han fekk kartet på turistkontoret, og er rimeleg godt nøgd med standarden på den alternative vegen.

– Vegen liknar på dei vi har i Ukraina, så eg tykkjer det var ein god veg. Kjempeflott, seier han engasjert.

Og han er ikkje aleine. Den tyske turisten Ulla Kellermann har eit godt tempo der ho kjem ned vegen.

– Veldig fin, seier ho.

– Mykje lettare å gå ned enn opp, held ho fram med eit smil.

Nøye skilta

Frå cruisekaia og vidare gjennom byen vil turistane finne skilt som peikar mot Fjellstua. Det skal gjere det lettare for turistane å finne den alternative vegen.

Fjellstua

SKILTING: Vegane opp til Fjellstua vil bli nøye skilta.

Foto: Alf- Jørgen Tyssing / NRK

Anita Nøring, leiar i turistinformasjonen i Ålesund, meiner informasjonen skal vere god nok.

– Folk er veldig merksame på den informasjonen som står på karta dei får. Der opplyser vi at trappene stenger, og kor den andre vegen går, seier ho.

Den alternative vegen har trapper den også om det skulle bety noko for dei som måtte bli freista til å nytte seg av Fjellstuetrappene i anleggsperioden.

– Vi håpar at folk kan halde seg unna vegen i anleggsperioden. Det kan vere farleg for folk å gå der medan arbeidet går føre seg, seier prosjektleiar Steven Bendal.