Hopp til innhold

– Cruiseturistane tissar ute fordi dei ikkje vil betale

Ein av landets største turistattraksjonar, utkikspunktet i Ålesund, manglar offentlege toalett. Drivaren av restauranten opplever at turistane gjer frå seg ute for å sleppe å betale.

Turistar på Aksla i Ålesund

Denne sesongen vart prisane skrudd opp for turistar som skal sjå på utsikta på Fjellstua eller bruke toalettet. Drivaren av restauranten ser at folk tissar ute.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kvart år kjem tusenvis av cruiseturistar til Ålesund, der hovudattraksjonen er utkikspunktet på fjellet Aksla. Den aller beste utsikta er frå terrassen til den privateigde restauranten Fjellstua. Dei har auka inngangspengane på terrassen frå 15 kroner til 100 kroner denne sesongen. For å bruke toaletta utan å kjøpe mat i restauranten kostar det 30 kroner.

– Vi må ha pengar for å ha tusenvis av folk her, som berre ser på utsikta og brukar toaletta. Visst ikkje folk forstår det, har vi eit problem, seier drivar av Fjellstua, Helge Jan Farstad.

Han driv restaurant, men opplever at straumen av folk som kjem, ikkje handlar. Dei klatrar på uteborda for å få den beste utsikta og har med mat og drikke.

Å sjå turistar tisse ute, er heller ikkje eit uvanleg syn.

– Dei går ut og sett seg ned framfor bussen eller ut i skogen, seier Farstad.

Helge Jan Farstad

Helge Jan Farstad driv restauranten Fjellstua på Aksla i Ålesund. Han vil ikkje ta utgiftene for turiststraumen som kjem.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For dyrt for turistane

At det kostar 100 kroner for å bruke terrassen, har fått folk til å reagere. Då to store cruiseskip med plass til 8000 passasjerar besøkte Ålesund onsdag, var det mange av turistane som reagerte med sjokk på prisen.

Reiselivsnæringa ser no at inngangspengane på utkikspunktet byr på utfordringar. Når turistane ikkje er villige til å betale så mykje, har dei heller ingen plass å gå på toalett.

– Det er vesentleg å få på plass offentlege toalett, slik at folk ikkje gjer frå seg i naturen, seier Bente Saxon, som er cruiseansvarleg i Visit Ålesund.

Ho er også bekymra er at turistane skal skade seg. Mange klatrar opp på bunkersane som står der, for å sjå utover byen, utan å måtte betale.

Bente Saxon

Bente Saxon er cruiseansvarleg i Visit Ålesund. Ho meiner det bør kome offentlege toalett på Aksla.

Foto: Terje Reite / NRK

Føler eit ansvar

Veg og parksjef i Ålesund kommune, Oddvar Kongsvik, seier at dei ser problemet.

Oddvar Kongsvik

Oddvar Kongsvik i kommunen seier at dei vil sjå om det er mogleg å få toalett i området.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er heilt klart at vi føler at vi har eit ansvar for turistane, seier Kongsvik.

Ålesund kommune har brukt seks millionar kroner for å ruste opp trappene som går frå sentrum og opp på byfjellet Aksla. I tillegg har dei brukt pengar for å utbetre tilkomsten for bussane.

– Vi vil sjå på moglegheita for å etablere toalett i området, eventuelt i samarbeid med Fjellstua, seier Kongsvik.

Skyteskive

– Kjempeflott. Dei må gjerne ha kniven på strupen før det skjer noko, svarar Helge Jan Farstad til kommunen sine planar om offentlege toalett. Han hevdar at han for mange år sidan prøvde å få kommunen til å samarbeide, men fekk tvert avslag.

Debatten om inngangsbillettane dei siste dagane, gjer at han føler seg som ei skyteskive.

– Det er ikkje min feil at byen har fått så mange turistar. Eg kan ikkje betale og ta utgiftene for heile opplegget, seier Farstad.

LES OGSÅ:

Turistar på Aksla

Turistar går rundt om på Aksla for å ta bilete.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL