Hopp til innhold

Trur økonomien stabiliserer seg

Leiinga i Helse Møre og Romsdal meiner at sparetiltaka som er sett i verk skal gje effekt i september, oktober, november og desember. Men august svekka økonomien med ytterlegare 16,6 millionar kroner.

Espen Remme

Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal forverra seg i august. Administrerande direktør Espen Remme set no si lit til ei positiv utvikling i september, oktober, november og desember.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Opp på ein allereie tøff økonomisk situasjon gjekk Helse Møre og Romsdal på ein omfattande økonomisk smell i sommar. Først kom juni og juli-tala som samla førte til minus i rekneskapen på 36 millionar kroner. Gjennom august blei økonomien samla svekt med 16,6 millionar.

– Vi har ein alvorleg økonomisk situasjon i Helse Møre og Romsdal, seier Espen Remme til NRK.

– Snur i løpet av hausten

Men sjølv om augusttala er illevarslande vil ikkje Helse Møre og Romsdal endre prognosane for korleis det endelege økonomiske resultatet vil sjå ut ved årsskiftet. Administrasjonen held fast på at Helse Møre og Romsdal vil ende opp med eit underskot på 111,1 millionar kroner.

– Vi har intensivert arbeidet innan ulike innsatsområde. Vi har i gang arbeid på dei ulike seksjonane, avdelingane og klinikkane. Det handlar om styring av kostnadene og bemanninga. Vi ser for oss at utviklinga skal snu i løpet av hausten, seier Espen Remme.

– Betre styring

Remme seier til NRK at det handlar om å sikre seg kontroll over kostnadene i helseføretaket. Det skal jobbast med ei betre styring av bemanninga, seier han.

– Vi veit at der er overtid, meirtid og vikarinnleige som utgjer ein del av kostnadene som vi må styre betre. Vi må mobilisere leiarlinja i alle desse spørsmåla. Så har vi den langsiktige satsinga som er knytt til utviklingsplanen og oppgåvefordeling mellom fagmiljøa. Det er ei meir langsiktig satsing, seier Remme.

– Må handtere høge medisinkostnader

Remme seier at pasientane framleis skal få den behandlinga som fagmiljøa meiner er best for kvar einskild pasient. Og nokre pasientgrupper skal ha ei behandling som er med på å drage kostnadene oppover.

– Dette er ein del av ei nasjonal utvikling. Og eg er tydeleg på at dette er behandling som pasientane skal ha. Men alle helseføretak er utfordra på å omstille andre deler av drifta slik at ein skal ha råd til dette. Vi skal ikkje utelukke at det kan kome nasjonale ekstraløyvingar til medikament fordi ein har sett ein voldsom vekst innan dette området. Men vi må legge om drifta slik at vi også kan handtere medikamentkostnadene, seier Remme.

Langsiktige tiltak

Helse Møre og Romsdal ddriv no arbeidet med å få ned kostnadene i stor grad gjennom prosessar og utviklingsarbeid i fagmiljøa, i seksjonane, avdelingane og klinikkane. Men Remme ser for seg at utviklinga kan kome til eit punkt der ein rett og slett må setje ned foten og seie nei til å bruke pengar som føretaket ikkje har.

– Eg trur det punktet kjem. Og det kjem for alle helseføretak når ein er i krevjande farvatn. På eit tidspunkt vil det kome opp slike spørsmål. Men det er tydeleg at dette skal vere ein del av utviklingsplanarbeidet. Dette skal ut på høyring i oktober. Då skal kommunane og andre interessentar få uttale seg. Så skal dette vedtakast over nyttår. Dei meir langsiktige utviklingstrekka må handterast der, seier administrerande direktør Espen Remme til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL