Hopp til innhold

Ny økonomisk smell for sjukehusa

Helse Møre og Romsdal gjekk på ein ny økonomisk smell i august. Tala for juni og juli førte til hastemøte i heile helseføretaket. Tala for august viser at trenden med store underskot held fram. August forverra det økonomiske biletet for helseføretaket med 16,6 millionar kroner.

Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus er eitt av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal-

Foto: Remi Sagen / NRK

Til no i år har Helse Møre og Romsdal eit underskot i forhold til budsjettet på 103,2 millionar kroner. I forhold til det nye resultatkravet er underskotet på 111,2 millionar kroner.

– Resultatavviket for august følgjer trenden for resten av året med høgare medikamentkonstnader enn budsjettert og negativt avvik knytt til løn og innleige, heiter det i dokumenta som no blir lagt fram for styret i Helse Møre og Romsdal.

Høge medisinkostnader

Det er posten for varekostnader som framleis går i taket. Og det er særleg kostnadene til medisinar som er langt høgare enn budsjettert.

Avviket skuldast først og fremst høgare medikamentkostnader enn budsjettert, noko som utgjer 5,7 millionar kroner for august og 30 millionar kroner til no i år, heiter det i styrepapira.

Under varekostnader utgjer også innkjøp av rekvisita til laboratoria ein relativt stor del av overskridingane. Her er det ei overskriding på 2,1 millionar kroner i august.

Innleige av helsepersonell

Administrasjonen rapporterer no også om at innleige av helsepersonell har ført til overskridingar. I august førte dette til eit avvik på 4,8 millionar kroner. Til no i år har Helse Møre og Romsdal brukt 25,9 millionar kroner på innleige frå vikarbyrå. 70 % av innleiga gjeld sjukepleiarar. Til saman har Helse Møre og Romsdal brukt 16,6 millionar kroner meir enn budsjettert på innleige frå vikarbyrå i 2017.

Forverra økonomi

Administrasjonen er tydeleg på at august var med på å forverre den økonomiske situasjonen for helseføretaket. Oppsummert heiter det at situasjonen er forverra med 16,6 millionar kroner i august. Leiinga trur likevel at kostnadsveksten skal bremsast.

– Det er oppretta innsatsteam som skal følgje opp klinikkar og stab, avdelingar og seksjonar månadleg i forhold til økonomisk omstilling og tiltak. Ved å ha hyppige møte, nær oppfølging av klinikkane og arbeid med konkretisering av nye tiltak er det forventa at dette skal bremse kostnadsveksten, heiter det i dokumenta som blir lagt fram for styret.

Administrasjonen reknar med at tiltaka som er sett i verk vil ha ein gradvis effekt frå september månad og at denne effekten vil bli styrka inn mot 2018. Dermed held administrasjonen fast ved ein prognose som viser at ein vil ende opp med eit rekneskapsmessig underskot på 111,1 millionar kroner.